Æge
Utsjånad
Æge, norrønt Ægir, er herskaren over havet i norrøn mytologi. Han er gift med Rån (Ran), og saman har dei ni døtrer, havbølgjene. Han er ofte kalla ein jotun, og omtalt som sonen til jotunen Fornjótr, som var konge av Finland, og bror til Logi (eld) og Kári (vind). Andre stader er kva type vesen han er uklårare. I Skáldskaparmál av Snorre Sturlasson blir Æge identifisert med Gymer (Gymir) og Hlér som budde på Hlesey (Læsø).
Æge er kjend for gjesteboda sine. I Lokasenna (Loketretta) held han ein fest for æsene som blir øydelagd av Loke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Æge» frå Wikipedia på bokmål, og «Ægir» frå Wikipedia på engelsk den 27. oktober 2008.