Ragnar Hoen
Ragnar Hoen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. oktober 1940 Oslo |
Død | 6. juli 2019 (78 år) |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974, Sjakk-OL 1976, Sjakk-OL 1978, Sjakk-OL 1980, Sjakk-OL 1982 |
Ragnar Harald Hoen (5. oktober 1940–6. juli 2019) var ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk tre gongar, i 1963, 1978 og 1981.[1], og vann den nordiske meisterskapen i sjakk i 1967[2].
Ragnar Hoen vart utnemnd til tittelen FM (FIDE-meister i sjakk) av Verdssjakkforbundet FIDE.
Han har vore på det norske landslaget i sjakk-olympiaden (VM for landslag) heile 12 gongar, alle sjakk-OL frå 1960 til 1982, av dette fem gongar også som lagleiar.[3][4]
Ragnar Hoen vann seniorklassa i NM i sjakk, aldersklassa for dei som er over 60 år kvart år frå 2002 til 2008, 7 år på rad, og deretter også i 2011.[5]
Ragnar Hoen var heile 17 gongar med på å vinne NM i sjakk for klubblag for Oslo Schakselskap sitt lag.[6]
Ragnar Hoen var onkel til høgdehopparen Steinar Hoen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007, side 16 Ragnar Hoen - senior: Grossist i mesterskap
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv