Punu
Punu | ||
Klassifisering | Niger-kongo Atlantisk-kongo Benue-kongo Bantoid Bantu Sørleg Guthrie-sone B Siraspråk | |
Talarar | Punufolk | |
Bruk | ||
Tala i | Gabon, Kongo-Brazzaville | |
Punutalande i alt | 132 000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | puu | |
Glottolog | punu1239
|
Punu (også kalla ipounou, ipunu, pouno, puno, yipounou, yipunu og yisira) er eit bantuspråk som blir tala av rundt 132 060 punu- og shirafolk i Gabon og Republikken Kongo.
I Gabon er det utbreidd i provinsane Nyanga og Ngounié i området rundt Ndende og Tchibanga med rundt 123 000 talarar, og i Republikken Kongo har det rundt 9 060 i Niari-regionen på grensa til Gabon.
Det er klassifisert som B.43 i Guthrie-klassifikasjonen.
Fonologi
Konsonantar
Labial | Alveolar | Palatal | Velar | ||
---|---|---|---|---|---|
Plosiv | ustemd | p | t | k | |
stemd | b | d | ɡ(ɡ) | ||
prenasal ustemd | ᵐp | ⁿt | ᵑk | ||
prenasal stemd | ᵐb | ⁿd | ᵑɡ | ||
Afrikat | t͡s | d͡ʒ | |||
Frikativ | ustemd | f | s | ||
stemd | β | ɣ | |||
prenasal | ᶬf | ⁿz | |||
Nasal | m | n | ɲ | ||
Rotisk | r | ||||
Lateral | l | ||||
Approksimant | w | j |
Vokalar
Fremre | Sentral | Bakre | |
---|---|---|---|
Trong | iːi | u uː | |
Midtre | e eː | o oː | |
Open | a aː |
Leksikon
Under er ei ordliste frå Parlons Yipunu, samla av Mabik-ma-Kombil.[1]
A = han/ho
Agunyi = kva?
Agunenyi = kven er det?
Agon = der borte
Agunu = her (hit)
Amumu = der inne
Amune = der borte
Ani = kven, kva for ein?
Avene = der
Avave = her
Ba = dei
Bali = dag
Bibeji = 2
Bine = 4
Biranu = 5
Birieri/Bitatu = 3
Bisiamunu = 6
Boti = god
Budilu = jern
Buji = honning
Bwali = vond, sjukdom
Bwatu = kano
Digumbi = skip
Dikunde = due
Dimbu = landsby
Disu = auge
Idumbitsi = skugge
Ifu = 9
Igumi/Digumi = 10
Imosi = 1
Inane = 8
Isambwali = 7
Itsubi = regntid
Ji = å eta
Kangi = eld
Kwé/Kwényi = kor mykje?
Mfule = regn
Mubu = sjø, hav
Musiru = skog
Nesi = nei
Ngo = panter, leopard
Vare = å planta
Vege = gje
Vose = tal, sei
Wanzemwanzu = landsbyhovding
Wimbile = å synga
Yotsi = kulde
Yusile = varme
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Punu» frå Wikipedia på tysk, og «Punu language» frå Wikipedia på engelsk den 14. februar 2024.