Rosenfink
Rosenfink | |
Rosenfinkhann | |
Rosenfinkhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av rosenfink | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
Slekt: | Rosenfinkar Carpodacus |
Art: | Rosenfink C. erythrinus |
Vitskapleg namn | |
Carpodacus erythrinus |
Rosenfink (Carpodacus erythrinus) er ein av ca. 22 artar i slekta Carpodacus av rosenfinkar i finkefamilien. Rosenfinken har største og tettaste hekkedistribusjonen i Sibir og Sentral-Asia, men arten har spreitt seg til Aust-Europa, Sentral-Europa og til Skandinavia. Arten er ein sterk trekkfugl og hekkefuglar frå Noreg overvintrar i India.[2]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Rosenfinken blir opptil 15 centimeter lang og veg ca. 20 til 25 gram. Hannen er karmosinraud på brystet og hovudet, med brune venger og kvit buk, hoa er brunleg. Dei har eit kort, kraftig, finkenebb og mørke auge. I alle drakter har dei smale, doble vengeband som kan vere vanskeleg å oppdage når fjørdrakta er sliten.[3] Hoer og hannar yngre enn det tredje kalenderåret, er olivenbrune med strek og kan ikkje skiljast. Derfor snakkar ein om hokjønnsfarga individ. I vaksen alder er hannen raudleg på hovudet med ei brei, mørk brun augestripe eller tygel. Dei øvre delane av brystet og overgumpen er raude medan området frå nedre bryst og buk inkludert undergump er kvitt eller lys grått. Oversida av vengene, stjert og rygg er mørk brun. Rosenfinken har òg ein særeigen song som består av glissando fløytetonar.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten rosenfink delast ofte opp i fem underartar, kvar har karakteristiske skilnader i fargetonar og mengd av strek i fjørdrakta. I vinterkvartera kan underartane ofte ikkje identifiserast ut frå slike kjenneteikn ettersom det førekjem store individuelle skilnader.[4] Dei er langdistanseflyttfuglar som overvintrar i India, Iran, søraustre Pakistan, Nepal og Søraust-Asia[5]
- C. e. erythrinus - nominatforma hekkar frå Nord-Europa og vestlege Sibir, austover til Jenisejfloden, og sørover til nordlege Tyrkia.
- C. e. grebnitskii - hekkar i austre Sibir, nordlege Sakhalin, Mongolia og i Manchuria.
- C. e. kubanensis - hekkar i Kaukasus og i nordlege Iran.
- C. e. ferghanensis - hekkar frå nordaustre Iran austover til nordlege Afghanistan, nordlege Pakistan og Kashmir.
- C. e. roseatus - hekkar i Himalaya.
I Noreg
[endre | endre wikiteksten]Rosenfinken har spreidd seg frå Asia til Aust-Europa, Sentral-Europa og Skandinavia. Han etablerte seg med første hekking i Sverige i 1938 og kom inn i Noreg frå ca. 1970. I 1994 var han hekkefugl frå Rogaland i vest og vestover mot indre Aust-Noreg og nordover til Oppland og Hedmark. Dei har habitat ved i skog og krattskog ved vatn, og gjerne på ute på øyar ved kysten.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Rosenfinkegg
-
Film av rosenfink
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Rosenfink» frå Wikipedia på svensk, den 10. oktober 2011
- Torger Kristian Hagen, 1994, Artsomtale: Carpodachus erythrinus – rosenfink, S. 484 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 10. oktober 2011
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Artsdatabanken Raudliste faktaark rosenfink Carpodacus erythrinus (Pallas, 1770) Henta 6. februar 2022
- ↑ Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
- ↑ Staav, R., Fransson, T. (1991). Nordens fåglar (utgåva andra upplagan). Stockholm: Norstedts. sid. 467-468. ISBN 91-1-913142-9
- ↑ Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
- ↑ Kåre Ström, 2006