Hopp til innhald

Red West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. desember 2021 kl. 18:16 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Red West
Fødd8. mars 1936
FødestadMemphis
Død18. juli 2017 (81 år)
DødsstadMemphis
FødenamnRobert Gene West
OpphavUSA
Aktiv1959–2017
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar, fjernsynsskodespelar, låtskrivar, stuntmann

Robert Gene «Red» West (8. mars 193618. juli 2017) var ein amerikansk skodespelar, stuntmann og låskrivar.[1] Han var kjend for å vera ein nær venn og livvakt for rock and roll-songaren Elvis Presley. Etter å ha fått sparken var West med på å skriva den kontroversielle Elvis: What Happened?, der han fortalde om den farlege pilleavhengnaden til Presley.[2]

West var truleg best kjend for eit amerikansk filmpublikum for rolla som Red i Road House, der han spelte i lag med Patrick Swayze. West fekk også gode meldingar for rolla som William i filmen Goodbye Solo frå 2008.

Bakgrunn og familie

[endre | endre wikiteksten]

West var fødd i Memphis i Tennessee som son av Lois og Newton Thomas West.[3] Han var syskenbarn av skodespelaren Sonny West.[4] Medan dei var elevar ved high school i Tennessee møtte West og Sonny Elvis Presley.[5]

West var ein dyktig idrettusøvar og var med i marinen. Han spelte amerikansk fotball for high school og junior college ved Jones County Junior College,og boksa i Golden Gloves-meisterskapa.[6]

West gifta seg i 1961 med Pat Boyd.[5] Dei fekk to barn saman.[6]

West og Presley

[endre | endre wikiteksten]

West samarbeidde med Elvis Presley om fleire songar i 1961 og 1962,[6] mellom anna «That's Someone You Never Forget» og «You'll Be Gone».[7]

«That's Someone You Never Forget» er det siste sport på albumet Pot Luck frå 1962. «You'll Be Gone» er eit bonusspor på lydspor-LP-en til Girl Happy. West skreiv «If You Think I Don't Need You» saman med Joey Cooper til filmen Viva Las Vegas.[7] Han samarbeidde med Joey Cooper igjen om «I'm A Fool», som Ricky Nelson spelte inn,[8] og som seinare blei ein hitt for Dino, Desi and Billy (eit samarbeid mellom Dean-Paul «Dino» Martin, Desi Arnaz Jr. og William «Billy» Hinsche).[8]

West skreiv songen «Separate Ways» saman med Richard Mainegra for Elvis i 1972,[9] og «If You Talk in Your Sleep» med Johnny Christopher for Presley sitt album Promised Land frå 1975.[10] Red skreiv også «If Every Day Was Like Christmas», som blei spelt inn av Presley i 1966.

I tillegg til å skriva for Elvis, fekk Red også songane sine spelte inn av Pat Boone, Rick Nelson, Johnny Burnette, Johnny Rivers, Dino, Desi & Billy, Petula Clark, Gary Puckett & The Union Gap, Andre Kostelanetz and His Orchestra, Little Milton og andre.

I 1976 fekk West kritikk i media for å ha vore involver i ei rekkje samanstøyt med aggressive fans i Las Vegas.[6] Han hadde også byrja å snakka om at Presley trengte hjelp for avhengnade sin. Faren til Elvis, Vernon Presley, mislikte folka rundt Elvis, og fekk West, fetteren hans Sonny og livvakta David Hebler sparka.[4]

Dei tre skreiv så boka Elvis: What Happened?, som ifølgje dei var eit forsøk på å åtvara og få hjelp for Elvis. Dei blei skulda for å først og fremst prøva å tena pengar, men då Elvis døydde få veker etter utgjevinga, viste det seg at mange av påstandane i boka var sanne.[9] Presley hadde tilbode utgjevaren 1 000 000 dollar for å stoppa boka.[2]

Skodespelarkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Då Presley laga filmar på 1960-talet i Hollywood, hadde Red West mindre roller i seksten av filmane hans.[11] I løpet av denne perioden blei West gode venner med skodespelaren Nick Adams, og dei fysiske talenta hans gjorde at han fekk jobb som stuntmann i Adams sin fjernsynserie The Rebel.[3] Deretter gjorde West meir stuntarbeid i filmar i tillegg til å vera skodespelar i fleire filmar og på fjernsyn. Han spelte ofte skurk i fjernsynsserien The Wild Wild West.[12]

West spelte hovudrolla i indie-filmen Goodbye Solo frå 2008 som William, ein gammal, deprimert man som blir ven med ein mann frå Senegal i Winston-Salem i Nord-Carolina. Filmen fekk positive meldingar, og Roger Ebert skreiv at «West isn't playing himself, but he evokes his character so fully that he might as well be. West's face is a map of hard living.»

Den siste filmrolla hans var i Safe Haven frå 2013 der han spelte Roger, ein gammal butikkmann i Southport i Nord-Carolina.[13]

West døydde 18. juli 2017, 81 år gammal, ved Baptist Hospital i heimbyen Memphis.[11] Han døydde mindre enn to månader etter fetteren Sonny West, som hadde døydd i mai 2017.[4] West blei gravlagd ved Memorial Park Cemetery Memphis den 24. juli.[14]  

  1. Daily Telegraph Issue no 50,439 dated Friday 21 July 2017- "Long-serving member of Elvis Presley's entourage who wrote a shocking exposé about his boss"
  2. 2,0 2,1 «Red West, Longtime Elvis Confidant, Dies at 81». Chicago Tribune. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Red West profile». Filmreference.com. Henta 15. november 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Sonny West of Elvis' Memphis Mafia dies at 79». WMCActionNews5.com. 
  5. 5,0 5,1 «Red West, Longtime Elvis Confidant, Dies at 81». Fox News. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Red West, Songwriter and Actor Who Was Elvis Presley's Confidant, Dies At 81». The Hollywood Reporter. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017. 
  7. 7,0 7,1 «Red West Dies: ‘Road House’ Actor, Stuntman & Songwriter Was 81». Deadline. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017. 
  8. 8,0 8,1 «I'm A Fool Facts». SongFacts. Henta July 20, 2017. 
  9. 9,0 9,1 «Interview with Red West». Elvis.com. 29. mai 2008. Henta 20. juli 2017. 
  10. «If You Talk in Your Sleep - Elvis Presley». AllMusic. Henta 21. juli 2017. 
  11. 11,0 11,1 Beifuss, John (19. juli 2017). «Red West, Elvis friend and actor, is dead». The Commercial Appeal. Henta 19. juli 2017. 
  12. «Red West Interview». ElvisInfoNet. Henta July 20, 2017. 
  13. Roeper, Richard (February 12, 2013). «Safe Haven». Rogerebert.com. Henta February 15, 2015. 
  14. John Beifuss (20. juli 2017). «Red West: Services set for Elvis friend, actor». Commercial Appeal. Henta 23. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]