Hopp til innhald

Unser Song für Malmö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. desember 2012 kl. 18:15 av Altijd (diskusjon | bidrag) (ny)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Unser Song für Malmö (USfM, tysk for Vår sang for Malmö) er ei tysk musikktevling som vert arrangert 14. februar 2013. Vinnaren får representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.

23. november 2012 annonserte Norddeutscher Rundfunk (NDR) at tevlinga vil finne stad i YUI Arena i Hannover 14. februar 2013. Som tidlegare år vil finalen verte produsert i samarbeid med Brainpool, som òg har produsert Eurovision Song Contest i 2011 og 2012, og samarbeidet med ProSieben vert dimed avslutta.[1][2]

Tolv bidrag vil verte valt ut for å tevle i finalen. Utveljinga vil verte gjort av ein ekspertjury sett saman av sju personar frå NDR, Brainpool og store plateselskap.[3] Elleve av dei tolv bidraga vart offentleggjort 12. desember 2012.[4]

Vinnaren vil verte valt ut ein tredelt røysteprosedyre. I vekane før finalen vil bidraga kringkasta på ni ulike Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland-radiokanalar og lyttarane har høve til å røyste på deira favoritt via Internett. Under sjølve tevlinga har ein høve til å røysta via telefon og SMS, og ein jury sett saman av fem musikk- og underhaldningsekspertar vil òg røyste. Kvar av dei tre delane av røystinga vil telje like mykje.[3]

Unser Song für Malmö - 14. februar 2013
Artist Song
Ben Ivory «The Righteous Ones»
Betty Dittrich «Lalala»
Blitzkids mvt. «Heart On The Line»
Cascada «Glorious»
Finn Martin «Change»
LaBrassBanda «Nackert»
Mobilée «Little Sister»
Nica & Joe «Elevated»
Die Priester og Mojca Erdmann «Ave Maris Stella»
Saint Lu «Craving»
Söhne Mannheims «One Love»

Sjå òg

Kjelder

Fotnotar

  1. «BRAINPOOL is co-producer of the German qualifying competition for the 2013 Eurovision Song Contest 2013 in Malmö». Brainpool TV (på engelsk). 23. november 2012. Henta 17. desember 2012. 
  2. «NDR und ProSieben trennen sich». RP-online (på engelsk). 14. september 2012. Henta 17. desember 2012. 
  3. 3,0 3,1 Marco Brey (17. desember 2012). «Germany: "Unser Song für Malmö" launched». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Henta 17. desember 2012. 
  4. Marco Brey (17. desember 2012). «Germany: National final acts announced!». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Henta 17. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff