Vitskap i 1866
Utsjånad
Vitskapsår |
1864 | 1865 | 1866 | 1867 |1868 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1866 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1866.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Giovanni Schiaparelli observerte meteorstraumar når jorda passerer omlaupsbanen til ein komet som let etter seg støv i banen sin.
- William Huggins studerte strålingsspektrum etter ei nova og oppdaga at han er omgjeven av ei sky av hydrogengass.
- Gregor Mendel publiserte sitt arbeid om arvelover.
- Ernst Haeckel studerte eincelleorganismar og utfordra grensedraginga mellom planter og dyr.
- Alfred Nobel fann opp dynamitt.
- Augustus von Hofmann foreslo det noverande systemet for namngjeving av hydrokarbonet.
- Max Schultze oppdaga to typar synsceller på netthinna.
- Patrick Manson oppretta ein skule for tropiske sjukdommar i Hongkong.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Copleymedaljen: Julius Plücker, tysk matematikar og fysikar.
- Rumfordmedaljen: Hippolyte Fizeau, fransk fysikar.
- Wollastonmedaljen: Charles Lyell, britisk geolog.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 5. februar - Arthur Keith, britisk antropolog (død 1955)
- 7. april - Ivar Fredholm, svensk matematikar (død 1927)
- 25. september - Thomas Hunt Morgan, amerikansk zoolog og genetikar, nobelprisvinnar 1933 (død 1945)
- 30. november - Robert Broom, sørafrikansk lege og paleontolog (død 1951)
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 20. juli - Bernhard Riemann, tysk matematikar (fødd 1826)
- 1. desember - George Everest, walisisk landmålar og geograf (fødd 1790)