Viktor Tsybulenko
Viktor Tsybulenko | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 13. juli 1930 Vepryk |
Død |
19. oktober 2013 (83 år) |
Yrke | spydkastar |
Høgd | 188 centimeter |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Viktor Tsybulenko på Commons |
Viktor Sergejevitsj Tsybulenko[a] (13. juli 1930–19. oktober 2013) var ein sovjetisk-ukrainsk friidrettsutøvar frå landsbyen Veprik i Kiev oblast. Han var i verdstoppen i spydkast i tida 1952-62. Tsybulenko vart olympiameister i øvinga i 1960 i Roma, og fekk EM-sølv i 1962 og OL-bronse i 1956. Fem gongar vart han sovjetisk meister i spydkast.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Tsybulenko debuterte internasjonalt under OL 1952 i Helsingfors. Både her og i EM 1954 i Bern kom han på fjerdeplass. I Bern var han einast 12 cm bak bronsevinnaren, Toivo Hyytiäinen frå Finland. To år seinare, under OL 1956 i Melbourne, tok han bronsemedaljen med eit kast på 79,50 m, i same tevlinga sette norske Egil Danielsen verdsrekord med 85,71 m og vart olympiameister.
Høgdepunktet for Tsybulenko kom under sommar-OL 1960 i Roma, der han deltok i sitt tredje OL. I fyrste omgangen kasta han spydet heile 84,64 m, dermed vann han OL-gull med over fem meters forsprang til sølvvinnaren Walter Krüger, ein aust-tyskar som representerte eit samla Tyskland. Tsybulenko avslutta med å vinne sølvmedaljen under EM 1962 i Beograd, berre slått av landslagskameraten Jānis Lūsis.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1952 i Helsingfors: Nr 4 – 71,72 m
- EM 1954 i Bern: Nr 4 – 72,39 m
- OL 1956 i Melbourne: Bronsemedalje – 79,50 m
- OL 1960 i Roma: Gullmedalje – 84,64 m, framom Walter Krüger (79,36 m)
- EM 1962 i Beograd: Sølvmedalje – 77,92 m, bakom Jānis Lūsis (82,04 m)
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Russisk skrift Виктор Сергеевич Цыбуленко, ukrainsk skrift Віктор Сергійович Цибуленко
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Viktor Tsybulenko» frå Wikipedia på bokmål, den 17. august 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1930
- Døde i 2013
- Sovjetiske spydkastarar
- Ukrainske spydkastarar
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske meistrar i spydkast
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960