Teresa & Maria
«Teresa & Maria» Song av Alyona Alyona og Jerry Heil | ||
Land | Ukraina | |
Språk | Ukrainsk, engelsk | |
Utgjeve | 11. januar 2024 | |
Lengd | 02:59 | |
Selskap | Enko Music | |
Komponist | Ivan Klymenko | |
Tekstforfattar | Ivan Klymenko | |
Låtskrivar(ar) | Aljona Savranenko, Anton Tsjilibi, Ivan Klymenko, Jana Sjemajeva |
---|
«Teresa & Maria» er ein ukrainsk song frå 2024 med duoen Alyona Alyona og Jerry Heil. Songen vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i februar 2024 og var det ukrainske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Teresa & Maria» er komponert av Anton Tsjilibi og Ivan Klymenko, med tekst skriven av Aljona Savranenko og Jana Sjemajeva.[1] I 2020 og 2023 forsøkte Sjemajeva å representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[2][3] I følgje duoen prøver songen å spreie håp ved å bruke dei katolske skikkelsane Mor Teresa og Jomfru Maria, mora til Jesus.[4] Duoen har innrømma at songen ikkje dreier seg om dei to skikkelsane, men at dei har brukt dei til symbolikk av «velgjerd, kjærleik, [og] sameining.»[2] For ifølgje duoen starta begge skikkelsane, som blir rekna som helgenar, som menneske, noko som antydar at guddommelegheit eksisterer i menneskje.[5]
I andre intervju har dei også skildra songen som spreier bodskapen om å ta ansvar for seg sjølv for å betre framtida si,[6] og seier at lykke berre er oppnåeleg dersom ein søker etter ho og skapar ho for seg sjølv.[5] Som svar på kritikk i lys av kritikk av Mor Teresa for at klinikkane hennar i India viste mangel på medisinsk behandling, forsvarte Savranenko Mor Teresa og sa «ho ønskte at folk skulle leve, ikkje døy, det er det».[7]
I følgje begge songarane samarbeidde dei på grunn av den gjensidige beundringa dei hadde for songevna til den andre, og ønske å kombinere dei to i ein song.[6]
Vidbir og Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Den 12. januar 2024 blei Alyona Alyona og Jerry Heil kunngjorde som deltakarar i Vidbir 2024.[8] Etter at røysteresultata blei utsett med ein dag,[9] blei Alyona Alyona og Jerry Heil og «Teresa & Maria» kunngjorde som vinnarar av Vidbir 2024, etter å ha mottatt 10 poeng frå juryen og 11 poeng frå sjåarane.[10] Gjennom sigeren fekk duoen retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2024.[11]
Ukraina deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024.[12] For framføringa av «Teresa & Maria» i Eurovision Song Contest blei musikkvideoregissøren Tanu Muino utnemnd til den kreative direktøren for sceneshowet.[13] Framsyninga syner Heil i ei tynn musselinkjole inspirert av erkeengelen Mikael, vernehelgenen for Kyiv. Heil valde også å bruke ekte brynjerustning under framsyninga; i intervju uttala ho at ho valde det fordi vekta av brystplatane representerer «[dei] som ber denne verda på stålskuldrane sine».[14] Alyona hadde på seg ei ringbrynjedrakt på 3 kilo, som ho skildra som «oppriven og brunnen», for å representere korleis «livet til ei kvinne er vanskeleg, tornefullt, [og] fullt av prøvingar».[15] Lyssettinga reflekterte fargane på det ukrainske flagget. Heil blei bada i eit gul-oransje lys under sin del av framsyninga, medan Alyona blei lyst opp i kjølig blått lys i sin del. Heil klatra opp på ei skråstilt, steina plattform medan simuleringar av kvite fosforbomber strekte seg over himmelen bak ho. Dette symboliserte støtte til Ukraina over den russiske invasjonen av Ukraina.[16] Medan Alyona framførte, blei spøkelsesliknande figurar, som representerte forfedrar, prosjisert over og bak ho. Framføringa blei avslutta med ein duett av båe artistane, som la seg ned på ein bakgrunn av ukrainske kvinner.[17] «Teresa & Maria» enda på andreplass i semifinalen og sikra seg ein plass i finalen laurdag 11. mai.[18][19]
Duoen gjentok framsyninga si i den store finalen laurdag 11. mai. Songen var i det andre bidraget på scena den kvelden, etter Sverige, representert av Marcus & Martinus og «Unforgettable» og før Tyskland, representert av Isaak og «Always on the Run».[20] På slutten av framsyninga deira uttala duoen to bodskapar: «Unite for the world» og «Peace and freedom for Ukraine.»[21] Etter at resultata blei kunngjorde, enda dei på tredjeplass med 453 poeng, 146 poeng frå juryavrøystinga og 307 poeng i telefonavrøystinga.[22] I juryavrøystinga fekk «Teresa & Maria» 12 poeng frå Tsjekkia og Moldova. Songen fekk også 12 poeng frå sju land i telefonavrøystinga.[23]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[24] | 38 |
Croatia (Billboard)[25] | 12 |
CIS (TopHit)[26] | 80 |
Czech Republic (Singles Digitál Top 100)[27] | 84 |
Finland (Suomen virallinen lista)[28] | 14 |
Global Excl. US (Billboard)[29] | 130 |
Greece International (IFPI)[30] | 5 |
Ireland (IRMA)[31] | 55 |
Latvia (LAIPA)[32] | 3 |
Litauen (AGATA)[33] | 2 |
Luxembourg (Billboard)[34] | 21 |
Nederland (Mega Single Top 100)[35] | 68 |
Polen (Polish Streaming Top 100)[36] | 41 |
Portugal (AFP)[37] | 147 |
Sverige (Sverigetopplistan)[38] | 30 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[39] | 18 |
UK Singles (Official Charts Company)[40] | 100 |
1 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schulte-Wieschen, Claire (4. februar 2024). «Ukraine: Alyona Alyona & Jerry Heil to Eurovision 2024 with "Teresa & Maria"». Eurovision World (på engelsk). Henta 7. februar 2024.
- ↑ 2,0 2,1 Galushchenko, Katerina (29. januar 2024). «Jerry Heil will fight for the right to represent Ukraine at Eurovision for the third time: what songs brought her failure and how "Teresa & Maria" sounds live». Obozrevatel (på engelsk). Henta 7. februar 2024.
- ↑ Smith, David (14. desember 2022). «"When God Shut the Door" lyrics — Jerry Heil (Ukraine Vidbir 2023)». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 7. februar 2024.
- ↑ Shcherbak, Alla (29. januar 2024). «Behind the controversy of 'Teresa & Maria' song: Insights from Jerry Heil and alyona alyona». The New Voice of Ukraine (på engelsk). Henta 7. februar 2024.
- ↑ 5,0 5,1 Tudor, Ruxandra (3. april 2024). «"All the divas were born as human beings" — Jerry Heil and alyona alyona promote Earthly kindness in "Teresa & Maria" lyrics». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 7. april 2024.
- ↑ 6,0 6,1 Adams, William Lee (22. januar 2024). «Ukraine's alyona alyona and Jerry Heil: "Teresa & Maria" is a reminder that who we become is our responsibility». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 7. februar 2024.
- ↑ Vishnyakova, Karina (19. januar 2024). «"Was a sadistic and a bitch": Jerry Heil and alyona alyona responded to the scandal over Mother Teresa in the Eurovision song». Obozrevatel (på engelsk). Henta 7. februar 2024.
- ↑ Farren, Neil (17. november 2023). «Ukraine: Vidbir 2024 Finalists Announced». Eurovoix. Henta 17. november 2023.
- ↑ Stephenson, James (3. februar 2024). «Ukraine: Vidbir 2024 Results Delayed». Eurovoix. Henta 7. februar 2024.
- ↑ Lutsenko, Yevheniia (3. februar 2024). «Фінал нацвідбору на 'Євробачення-2024': де дивитися та як голосувати» [The final of Vidbir for Eurovision 2024: where to watch and how to vote]. Suspilne (på ukrainsk). Henta 3. februar 2024.
- ↑ «AlyonaAlyona and Jerry Heil win in Ukraine». Eurovision.tv. European Broadcasting Union. 4. februar 2024. Henta 4. februar 2024.
- ↑ «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». Eurovision Song Contest (på engelsk). European Broadcasting Union. 30. januar 2024. Arkivert frå originalen 30. januar 2024. Henta 7. februar 2024.
- ↑ Stephenson, James (2. mai 2024). «🇺🇦 Ukraine: Tanu Muiño Creative Director for "Teresa & Maria"». Eurovoix (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. mai 2024. Henta 13 May 2024.
- ↑ Visjnjakova, Karina (8. mai 2024). «Real chain mail and metal armor. How alyona alyona and Jerry Heil's costumes for Eurovision 2024 were created». Obozrevatel (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ «Як створювали костюми для alyona alyona та Jerry Heil: палена сукня, лати, архангел Михаїл та Grimes (Ексклюзивні Фото)» [How to create costumes for alyona alyona and Jerry Heil: burnt dress, armor, Archangel Michael and Grimes (Exclusive Photos)]. Suspilne. 7. mai 2024. Arkivert frå originalen 12. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Galusjtsjenko, Katerina (13. mai 2024). «"This is such a strong message!" Foreigners have guessed what the lights in the background during Ukraine's performance at the Eurovision Song Contest 2024 mean». Obozrevatel (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Lahav, Doron (6. mai 2024). «Eurovision 2024 Semi-Final 1: Dress/Jury Rehearsal Live Commetary». ESC Beat (på engelsk). Arkivert frå originalen 10. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Galusjtsjenko, Katerina (8. mai 2024). «Ukraine made it to the Eurovision 2024 final: how alyona alyona and Jerry Heil performed». Obozrevatel (på engelsk). Arkivert frå originalen 12. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (12 May 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (10. mai 2024). «Eurovision 2024 grand final running order: Ukraine in second, Austria closes». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 10. mai 2024.
- ↑ Visjnjakova, Karina (13. mai 2024). «"There is a lot of apolitical pressure". alyona alyona has revealed the high-profile details of the Eurovision Song Contest 2024». Obozrevatel (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Mukhina, Olena (12. mai 2024). «Switzerland wins Eurovision Song Contest 2024, Ukraine takes third place». Euromaidan Press (på engelsk). Henta 14. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Ukraine Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Henta 15. mai 2024.
- ↑ "Alyona Alyona & Jerry Heil – Teresa & Maria – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ «Croatia Songs: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
- ↑ alyona alyona & Jerry Heil — Teresa & Maria. TopHit. Retrieved 31. mai 2024.
- ↑ "ČNS IFPI" (in Czech). Hitparáda – Digital Top 100 Oficiální. IFPI Czech Republic. Note: insert 202420 into search.
- ↑ "Finnishcharts.com – Alyona Alyona, Jerry Heil – Teresa & Maria". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ «Billboard Global Excl. US: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
- ↑ «Official IFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 20/2024» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2024. Henta 22 May 2024.
- ↑ «IRMA – Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 18. mai 2024.
- ↑ «Straumēšanas TOP 2024 – 20. nedēļa» [Streaming TOP 2024 – Week 20] (på latvisk). LAIPA. 20. mai 2024. Henta 13. juni 2024.
- ↑ «2024 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 17. mai 2024. Henta 17. mai 2024.
- ↑ «Luxembourg Songs: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Alyona Alyona & Jerry Heil – Teresa & Maria" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «OLiS – oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 10.05.2024–16.05.2024.) (på polsk). OLiS. Henta 23. mai 2024.
- ↑ "Portuguesecharts.com – Alyona Alyona & Jerry Heil – Teresa & Maria". AFP Top 100 Singles. Retrieved 24. mai 2024.
- ↑ «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 17. mai 2024.
- ↑ "Alyona Alyona & Jerry Heil – Teresa & Maria – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- Denne artikkelen bygger på «Teresa & Maria» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Teresa & Maria» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2024.