Hopp til innhald

Provinsen Huesca

Koordinatar: 42°10′N 0°10′W / 42.167°N 0.167°W / 42.167; -0.167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Huesca

Huesca (spansk Huesca, aragonsk Uesca) er ein provins nordaust i Spania, nord i den autonome regionen Aragón. Provinshovudstaden er Huesca.

Provinsen ligg like sør for Pyreneane og grensar Zaragoza og Lleida og regionen Navarra. I tillegg grensar han til dei franske departementa Pyrénées-Atlantiques og Hautes-Pyrénées.

Provinsen har 202 kommunar og dekkjer eit område på 15 636 km². Det bur om lag 225 000 innbyggjarar i provinsen, om lag ein fjerdedel av desse bur i provinshovudstaden.

Det høgaste fjellet i Pyreneane, Aneto, ligg i Huesca.

42°10′N 0°10′W / 42.167°N 0.167°W / 42.167; -0.167