Malin Head
Malin Head | |||
nes | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Malin Head 55°22′51″N 7°22′12″W / 55.380805555556°N 7.37°W | |||
Wikimedia Commons: Malin Head |
Malin Head (irsk Cionn Mhálanna)[1] er eit nest som dannar det nordlegaste punktet på det irske fastlandet. Det ligg i Ardmalin townland[2] på halvøya Inishowen i County Donegal. Det nordlegaste punktet på neste heiter Dunalderagh, og ligg ved 55,38ºN.[3] Det ligg rundt 16 km (10 mi) nord for landsbyen Malin.
Øya Inishtrahull ligg lengre nord, rundt 10 km nordaust for neset. Vêrstasjonen på Malin Head (bygd i 1955) er ein viktig del av den irske meteorologitenesta Met Éireann, som lagar vêrmeldingar.
Malin Head er ein del av turistvegen Wild Atlantic Way.
Kjende stader
[endre | endre wikiteksten]Banba's Crown ('Banba si krone') er det høgaste punktet på på Malin Head.[4] Banba var ei av dei mytiske dronningane på Irland.
Wee House of Malin er ei grotte i åssida og skal ha vore heimstaden til St. Muirdealach. Segna seier at uansett kor mange folk som gjekk inn i grotta, var det alltid plass til fleire. Ved sida av grotta ligg ruinane av ei gamal kyrkje som i følgje segna var bygd av St. Muirdealach.
Hell’s Hole er ei kjent kløft og ei fjellhylle er kjend som Devils Bridge.[4]
The Tower
[endre | endre wikiteksten]Ein høg og forlaten bygning lokalt kalla The Tower vart bygd her i 1805 av Admiralitetet, og seinare nytta som ein signalstasjon. Under den andre verdskrigen vart det bygd små hytter som vart nytta av dei irske forsvarsstyrkane for å halde vakt og verne irsk nøytralitet. Marconi Wireless bygde ein radiostasjon ved sida av tårnet i 1910. Mange år seinare vart denne stasjonen flytta nokre kilometer bort og vert no kontrollert av den irske kystvakta. I nordaust kan ein sjå øya Inistrahull, der det har stått eit fyr sidan 1813.
Ornitologi
[endre | endre wikiteksten]Malin Head er ein av få stader i Europa der ein kan høyre åkerrikse. Her har ein òg god utkikk til trekkfuglar som havsule, gulnebblire, storjo, alke og mange andre.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Malin Head/Cionn Mhálanna». Placenames Database of Ireland.
- ↑ «Ardmalin/Ard Mhálanna». Placenames Database of Ireland.
- ↑ «Ireland Geographical Facts, Figures and Physical Extremities». Travel through the Ireland story... Henta 15. september 2007.
- ↑ 4,0 4,1 «Malin Head and Banba's Crown», Ireland Highlights (på engelsk), henta 18. januar 2022
- Denne artikkelen bygger på «Malin Head» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2007.