Lovisa
Utsjånad
- For kvinnenamnet, sjå Kvinnenamnet Lovisa.
Lovisa | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nyland | ||
Del av | Nyland, Lovisa økonomiske region | ||
Areal | 882,45 km² | ||
Grunnlagd | 1745 | ||
Språk | finsk, svensk | ||
Lovisa 60°27′25″N 26°13′30″E / 60.456944444444°N 26.225°E | |||
Kart som viser Lovisa.
| |||
Wikimedia Commons: Loviisa |
Lovisa (finsk Loviisa) er ein kommune i landskapet Nyland i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 15 694 og eit areal på 882,45 km². Lovisa grensar til kommunane Borgå, Mörskom, Lappträsk, Kouvola, Kotka og Pyttis.
Lovisa er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk (55 %) og svensk som minoritetsspråk (43 %).
Lovisa vart grunnlagt i 1745 under namnet Degerby, men bytte namn til Lovisa i 1752. Den 1. januar 2010 vart kommunane Liljendal, Pernå og Strömfors slått saman med Lovisa.
Finlands første atomkraftverk ligg på Hästholmen utanfor byen. Den første reaktoreininga, Lovisa 1, vart teken i bruk i 1977, den andre, Lovisa 2, i 1982.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Fjallabyggð (Ólafsfjörður) i Island
- Haapsalu i Estland
- Hillerød i Danmark
- Horten i Noreg
- Karlskrona i Sverige
- Paks i Ungarn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lovisa» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2020.