Jon
Utsjånad
Jon er ei nordisk og baskisk kortform av mannsnamnet Johannes, som kjem frå det greske namnet Ioannes, 'Gud er nådig'. Namnet har den islanske stavemåten Jón og rumensk Ion, og finst også som skotsk Ian, fransk Jean og russisk Ivan. I engelsk kultur er namnet stava John, medan namn med stavemåten Jon i engelsk er kortformer av Jonathan.
Jan, Jens og Jo er nærskylde mannsnamn, medan Jean[ne], Janne, Jenny er liknande kvinnenamn.
Jon har namnedag den 24. juni i Noreg og 21. august i Sverige.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Jon er eit nokså vanleg namn i Noreg. Det var blant dei mest brukte namna for nyfødde gutar i Noreg rundt 1980, men har sidan sokke i bruk. Jón er det mest brukte mannsnamnet på Island.
Kjente namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Jón Ögmundsson (1052-1191), islandsk biskop
- Jón Arason (1484-1550), islandsk biskop
- Jón Gerreksson (1378-1433), dansk-islandsk biskop
- Jon Lauritz Qvisling (1844-1930), norsk prost og historikar
- Ion Ivanovici, (1845-1902), rumensk komponist
- Ion Andreescu (1850-1882), rumensk målar
- Jón Þorláksson (1877-1935), islandsk statsminister
- Ion Antonescu (1882-1946), rumensk militær og politikar
- Ion Iliescu (f. 1930), rumensk politikar, president av Romania
- John Alvheim (1930-2005), norsk politikar (FrP)
- Ion Fiscuteanu, (f. 1937), rumensk skodespelar
- Jon Herwig Carlsen (f. 1937), norsk sportskommentator
- Jon Eikemo (f. 1939), norsk skodespelar
- Jon Hellesnes (f. 1939), norsk forfattar
- Jon Skolmen (f. 1940), norsk skodespelar
- Jon Elster (f. 1940), norsk filosof
- Ion Ciubuc (f. 1943), moldavisk statsminister
- Jon Bing (f. 1944), norsk forfattar og professor
- Jon Michelet (f. 1944), norsk bladstyrar
- Jon Lilletun (1945-2006), norsk politikar (KrF)
- Jon Fosse (f. 1959), norsk forfattar og dramatikar
- Jon Stewart (f. 1962), amerikansk komikar
- Jon Bon Jovi (f. 1962), amerikansk artist og frontfiguren i bandet Bon Jovi
- Jon Almaas (f. 1967), norsk programleiar
- Lil Jon (f. 1971), amerikansk rappar
- Jón Þór Birgisson (f. 1975), islandsk musikar (Sigur Rós)
- Jon Lech Johansen (f. 1983), norsk programmerar kjent som «DVD-Jon»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jon» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Jon» frå Wikipedia på engelsk, og «Jon (namn)» frå Wikipedia på svensk den 24. juni 2007.