Johan H. Evju
Utsjånad
Johan H. Evju | |||
Fødd | 25. april 1846 | ||
---|---|---|---|
Død | 10. april 1927 (80 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Johan Halvorsen Evju (25. april 1846–10. april 1927) var ein gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Ytre Sandsvær i Buskerud. Han var medlem av partiet Venstre.
Evju var son til ein gardbrukar. Sjølv var han kasserar i den lokale sparebanken frå 1863 til 1885. Skuleåret 1870-71 gjekk han Sagatun Folkehøyskole. Han tok så over farsgarden Evju, som ligg i bygda Efteløt, i 1872.
Evju var medlem av heradsstyret i Sandsvær og seinare Ytre Sandsvær i 25 år, i ni år var han varaordførar. Han var 4. representant frå Buskeruds amt til Stortinget i perioden 1898-1900. På tinget var han medlem av landbrukskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914