Joachim Nielsen
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Joachim Nielsen».
Joachim Nielsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. september 1964 Oslo |
Død |
17. oktober 2000 (36 år) |
Yrke | songar, musikar, lyrikar, gitarist, plateartist |
Medlem av | Jokke & Valentinerne, Jokke med Tourettes |
Far | John David Nielsen |
Joachim Nielsen på Commons |
Joachim «Jokke» Nielsen (8. september 1964–17. oktober 2000) var ein norsk musikar. Han var vokalist, gitarist, låtskrivar og frontfigur i den norske rockegruppa Jokke & Valentinerne, og var bror til teikneserieskaparen Christopher Nielsen og son av kunstnaren John David Nielsen.
Nielsen skipa Jokke & Valentinerne i 1982, og gruppa vart snøgt ei av dei mest populære gruppene i rockemiljøet i Oslo. I 1985 vart låtane «Spenn» og «Alt kan repareres» gjevne ut på ein samlekassett med nye norske band, og året etter gav Jokke & Valentinerne ut sitt fyrste album, Alt kan repareres.
Jokke levde på mange måtar opp til rockemyten. Tekstane hans handla mykje om fyll og alkohol, og ikkje sjeldan var Jokke sjølv i overkant påverka på sine eigne konsertar. Han skapte avisoverskrifter under utdelinga av Spellemannprisen i 1992 då han for albumet Frelst tok imot prisen i kategorien beste rockeartist, synleg ruspåverka.
På 90-talet tok «Jokke» i bruk hardare rusmiddel. I songtekstane sine skildra han strevet og fortvilinga i livet sitt med rusmiddelavhengnad. Han vart lagd inn på avrusingsklinikkar nokre gonger, for å freista slutta med heroin, noko han diverre ikkje klarte. «Jokke» Nielsen døydde av ein overdose i oktober 2000, berre 36 år gamal.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Jokke & Valentinerne
[endre | endre wikiteksten]- Alt kan repareres (1986)
- Et hundeliv (1987)
- III (1990)
- Frelst (1991)
- Alt kan repeteres (1994)
- Spenn! (1995)
Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]Jokke med Tourettes
[endre | endre wikiteksten]Jokke & Valentinerne med Tourettes
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jokke diskografi - Komplett diskografi.