Huelva
Huelva | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto «Portus Maris et Terrae Custodia» | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Andalucía | ||||
Provins | Huelva | ||||
Borgarmeister | Pedro Rodríguez González | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
149 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2009) - folketettleik |
149 310 1 002,1 /km² | ||||
Koordinatar | 37°15′N 6°57′W / 37.250°N 6.950°W | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.huelva.es |
Huelva er ein by sørvest i Spania og provinshovudstad i provinsen Huelva i den autonome regionen Andalucía. Han ligg ved kysten av Cádizbukta der elvane Odiel og Rio Tinto renn saman. Byen har opp under 150 000 innbyggjarar.
Fotballaget i byen, Recreativo de Huelva, er den eldste i heile Spania. Den einaste tropiske orkanen, Vince, som nokon gong har nådd land i Europa, gjekk på land her.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen er skildra i antikken som ein by mellom elvane Anas (dagens Guadiana) og Baetis (dagens Guadalquivir)[1]
Byen kan ha vore same by som Tartessus; som fønikarane kalla Onoba. Grekarane heldt dette namnet og skreiv det Ὄνοβα. Byen var under turdetanar då romarane erobra området. I romartida vart byen kalla Onoba Aestuaria[2] eller Onuba (nytta på myntar) eller Onoba.[3] Byen vart ein del av den romerske provinsen Hispania Baetica. Arabarane erobra området og kalla byen Walbah mellom 712 og 1250. Byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1755.
Det er framleis ruinar etter romarane i byen. Byen prega sine eigne myntar og det er funne fleire myntar her med namnet Onuba.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Huelva» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Antonine Itinerary s. 431.)
- ↑ Ptolemaios, ii. 4. § 5.
- ↑ Strabius, iii. s. 143, Pomponius Mela, iii. 1. § 5.
- ↑ Enrique Florez, Med. ii. s. 510, 649; Théodore Edme Mionnet, i. s. 23, Suppl. s. 39; Sestini, Med. Isp. s. 75, ap. Friedrich August Ukert, vol. ii. pt. 1. s. 340.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Reiseguide Arkivert 2007-11-11 ved Wayback Machine.
- Kultur i Huelva Arkivert 2006-02-25 ved Wayback Machine.
- Kart Arkivert 2010-12-05 ved Wayback Machine.