Hopp til innhald

Hjalmar Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjalmar Andersen

Hjalmar Andersen, ombord på MF «Bastø II» i 2010
Foto: Ulf Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mars 1923
Rødøy
Død

27. mars 2013 (90 år)
Oslo

Yrke skøyteløpar, roar
Hjalmar Andersen på Commons
Hjalmar Andersen på Bislett, ca. 1950.

Hjalmar Johan «Hjallis» Andersen (12. mars 192327. mars 2013) frå Rødøy var ein norsk skeiseløpar som vann NM, EM og VM tre år på rad. I 1949 vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje. Han vann òg tre gull i vinterleikane i Oslo i 1952, og sette fem verdsrekordar. Andersen vart, saman med Erling Kongshaug den fyrste som fekk Fearnleys olympiske ærespris etter OL i 1952. Året før, i 1951, vann han òg Egebergs Ærespris.

Andersen fekk tilnamnet «Kong Glad» sidan han alltid var smilande og vitsande, både på og utanfor skeisebana. Han skreiv seinare fleire bøker, både om minna frå karrieren og reine vitsebøker.

år EM OL VM
1948 - Braut 10000m -
1949 2. plass 6. plass
1950 1. plass 1. plass
1951 1. plass 1. plass
1952 1. plass 1. plass 1500m
1. plass 5000m
1. plass 10000m
1. plass
1953 - -
1954 2. plass 6. plass
1955 17. plass 9. plass
1956 - 11. plass 5000m
6. plass 10000m
Brøt 1500m