Filippus Simonsson
Filippus Simonsson | |||
Fødd | 1180-åra | ||
---|---|---|---|
Død | 1217 Horten | ||
Land | Noreg | ||
Far | Simon Kåresson | ||
Ektefelle | Kristin Sverresdatter |
Filippus Simonsson eller Filip Simonssøn (ca. 1180–1217) var baglarkonge frå 1207 til 1217.[1]
Filippus var systerson av biskop Nikolas Arnesson. Etter at Erling Magnusson Steinvegg døydde i mars 1207 vart Filipus baglarane sitt kongsemne. Mellom han og birkebeinane sin konge, Inge II Bårdsson, kom det til forlik i 1208. Riket vart delt i tre. Filip skulle få Opplanda og ein del av Vika, men ikkje kongsnamn. Filip skulle få gifta seg med kong Sverre Sigurdsson si dotter Kristin.[2] Forliket var inngått på Kvitsøy i Rogaland fylke hausten 1208. Av dette kjem namnet «Kvitsøyforliket».[3]
Striden mellom baglane og birkebeinane i borgarkrigstida var då over, sjølv om det endelege forliket kom fyrst i 1217. Då Filip døydde i 1217 vart etterfylgjaren Håkon IV Håkonsson hylla av både baglarane og birkebeinane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bjørgo, Narve; Scott, Ida (10. september 2024). «Filippus Simonsson». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Filip Simonsson», Lex (på dansk), 2. mai 2009, henta 20. januar 2025
- ↑ Arstad, Knut Peter Lyche (18. juni 2024). «Kvitsøyforliket». Store norske leksikon (på norsk).