Even Glestad
Even Glestad | |||
Fødd | 5. juli 1828 Veldre | ||
---|---|---|---|
Død | 12. oktober 1902 (74 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Even Larssen Glestad (5. juli 1828–12. oktober 1902) var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Veldre i Hedmark. Han var medlem av Venstre.
Glestad var son til ein gardbrukar. Han var fyrst lærar i omgangsskule, sidan i ein privatskule driven av kapellanen i Stange. Deretter lærar på ein høgre skule for allmugen i Stange, ein skule styrt av kyrkjesongaren i prestegjeldet. Han var så krambudreng i sju år på Røros og på Lillehammer, og nokre år rekneskapsførar for Veldre brenneri. År 1856 vart han gardbrukar på Dalaust i heimbygda Veldre, før han i 1879 tok over farsgarden Glestad.
Glestad var medlem av heradsstyret i Ringsaker 1857-69 og 1873-85, ordførar var han frå 1877 til -83. Medlem av forlikskommisjonen 1867-85, og formann i matrikkelkommisjonen i heradet. Formann i Hedemarkens fogderis landbruksforening.
Glestad representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1880 til 1900. Han var 1880-85 medlem av protokollkomiteen, 1883-1900 av fullmaktskomiteen, 1886-1900 av tollkomiteen, samt 1889-1900 av valkomiteen. Perioden 1889-1900 var han med i Lagtinget, frå 1891 i eigenskap av president. Elles var han medlem av jurykommisjonen 1882, av traktatkomiteen 1890-91, og frå 1893 av riksskattekommisjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Even Glestad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1828
- D��de i 1902
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1895-1897
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar for Hedmark
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Ringsaker
- Norske gardbrukarar
- Norske lærarar
- Folk frå Ringsaker
- Norske rekneskapsførarar