Diskusjon:Læresvein
Mars 2007
[endre wikiteksten]Etter kva eg hugsar er ikkje læresvein og apostel det same i og med at Jesus valde ut apostlane av læresveinane sine. Eg meiner å hugse at det er ein vesentlig forskjell. Er det nokon som veit sikkert? Lars 21:17, 23 mars 2007 (CET)
- I den nynorske bibelomsetjinga brukar dei ordet læresvein der bokmålsbibelen skriv disippel. I den nye omsetjinga som dei arbeider med no, vil ei bruke ordet disippel òg på nynorsk. Sjå Bibelen på nettet og klikk de til ulike omsetjingar.
- På svensk skriv dei lärjunge. Jesus hadde mange læresveinar, men om eg minnest rett, vart berre 12 av dei apostlar. - - Knut 21:36, 23 mars 2007 (CET)
- Saken er jo at læresvein linkar til disippel som linkar viare til apostel. Det var forresten trist å høyre at dei skal bruke disippel på nynorsk. Lars 21:37, 23 mars 2007 (CET)
- Anten bør søk på Læresvein verte omdirigert til Disippel, eller så bør det omvendte skje, kva ein skal velje har med språkpolitikken på denne wikipediaen å gjere. Feilen kan eg rette opp. Knut 23:00, 23 mars 2007 (CET)
- Eg meiner det bør være læresvein (med eigen artikkel som eg kan laga i morgon) Lars 23:01, 23 mars 2007 (CET)
Læresvein og apostel
[endre wikiteksten]Freistnad på oppklåring: 1: Apostel tyder utsending og vert i NT nytta om personar som vart sende ut av Jesus sjølv eller urkyrkja med den kristne bodskapen. Dei vert gjerne rekna som kyrkje-grunnleggarar. Dei elleve læresveinane frå Jesu jordeliv var dei fyrste apostlane (jf. Apg 1, 15-26), men somme tekster i NT reknar med ein vidare krins (som inkluderer m.a. Paulus og Barnabas). 2: Læresvein tyder elev. NT nyttar nemninga både i trong tyding om dei tolv som skal ha fylgt meisteren frå Nasaret nærast - og i vidare tyding om alle Jesu tilhengarar så vel som læresveingrupper åt farisearar eller Johannes døyparen. Tilsvarande ord vert nytta på tysk og svensk, men i dansk og på bokmål har ein oftast brukt det latinske "disippel". For hundre år sidan vart ordet "læresvein" brukt mange stadar i Noreg heilt ålment for elevar. 3: Det stemmer at Bibelselskapet i 2005 gav ut ei revidert omsetjing av NT som nyttar disippel-termen. Men utgåva har ein slags prøvestatus fram til heile Bibelen kjem revidert i 2010, og det er godt om flest mogleg melder frå til selskapet om at me vil halde på det gode norske læresvein-ordet. 4: Artikkelen nemner at tidlegare bibelomsetjingar også har operert med "læresyster". Det har eg aldri høyrt før, og eg vil svært gjerne få konkrete referansar til kva utgåver det gjeld.
- 4: Påstandar utan kjelder har lite verdi, og eg la inn referanse i artikkelen. Takk for påminninga!
- 3: Wikipedia har neppe noka sjølvstendig meining om kva som er godt språk, men bør halde seg til autoriserte former. Vi plar heller ikkje gje oss ut på spådomskunst, men ventar til vi har sett kva som skjer. Difor heiter det læresvein her.
- 1 og 2: Dette ser det ut til at du har god greie på, og du er hjartans velkommen til å redigere artikkelen slik at han blir betre. Hugs berre å oppgje kjelder, så tek du ikkje opp at feilen eg gjorde : ) - Knut 16:40, 21 februar 2008 (CET)