Colosseum
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Colosseum (fleirtyding).
Colosseum | |||
![]() | |||
Opna | 81 | ||
---|---|---|---|
Stil | romersk arkitektur | ||
![]() Colosseum 41°53′25″N 12°29′32″E / 41.890277777778°N 12.492222222222°E |
Colosseum i Roma er eitt av dei best kjende og mest imponerande byggverka frå romartida. Det vart byrja på av keisar Vespasian i år 72. Den fjerde og øvste etasjen vart bygd under Titus, og amfiteateret vart innvigd i år 80.
Bygningen forfall i kristen tid og delar av han vart øydelagd av eit jordskjelv i 1349. Anlegget kunne romma 50 000 tilskodarar og alle hadde nummererte plassar.
Arkitekten er ukjend. Bygningen er 188 m lang, 155 m brei og 48 m høg. Byggmaterialet er travertin. Bogeopningane har halvsøyler; fyrste høgda dorisk søyleorden, andre høgda jonisk og tredje høgda korintisk søyleorden. Dette er seinare nytta i teater og vert ofte kalla teatermotivet.
Interiøra er gått tapt, men det skal ha vore eit plankegolv over romma for scenemaskineriet. Colosseum var det største amfiteatret for dyre- og gladiatorkampar i antikken.
Bakgrunnssttoff
[endre | endre wikiteksten]