Anna-Lisa Kumoji
Anna-Lisa Kumoji | |||
Fødd | 26. februar 1990 (34 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bærum kommune, Bærum sykehus | ||
Fødenamn | Anna-Lisa Adjo Hosen Kumordzie | ||
Alias | Anna-Lisa Kumoji | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2012– | ||
Verka som | vokalist, dansar, stemmeskodespelar, songar |
Anna-Lisa Kumoji (fødd 26. februar 1990) er ein norsk songar, skodespelar, stemmeskodespelar og musikalartist. Ho har spela i fleire musikaloppsetjingar, blant anna The Book of Mormon, Flashdance og West Side Story i tillegg til tv-seriar som Farfar og Familien Lykke. I 2019 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Holla». Kumoji har sidan delteke i tv-program som Beat for beat, Idrettsgallaen, Senkveld, Kvelden før kvelden, All Together Now og Stjernekamp. Ho har også lagt norsk stemme på figurar i to Disney-filmar og to Netflix-filmar.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kumoji har røter frå Ghana og Bodø og er oppvaksen på Borgen i Asker.[1] Per 2022 bur ho i Drammen. Ho er storesystera til Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie, som også er musikar under artistnamnet Akuvi.
Kumoji gjekk på musikklinja på Steinerskolen i Bærum, og gjekk deretter eit år på musikallinja på Seljord Folkehøgskule (2009–2010). Frå 2011 til 2013 gjekk ho på Bårdar Akademiet i Oslo.[2][3]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Etter utdanninga har ho jobba som profesjonell songar, stemmeskodespelar og musikalartist. Blant oppsetjingane ho har spela i er The Book of Mormon på Det Ny Teater i København og Flashdance og West Side Story på Chateau Neuf i Oslo. Ho har også den norske stemmen til figuren «Bulda» i Disney-filmen Frost, «Plumette» i Skjønnheten og udyret og «Louisa» i Encanto.[2][4]
Kumoji er soulrock-songar, men syng også innanfor sjangrane jazz, storband, gospel, funk og pop.[4][5] I mars 2019 deltok ho i Melodi Grand Prix 2019 med songen «Holla», skriven av Ashley Hicklin, Jeroen Swinnen og Maria Broberg. I Melodi Grand Prix gjekk ho vidare til gullfinalen og enda til slutt på en fjerdeplass.[6]
I 2022 var Kumoji blant finalistane i Melodi Grand Prix med låten «Queen Bees», som er skriven av Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji. Songen var produsert av Äkräs.[7] Ho gjekk ikkje videre frå første runde.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Anna-Lisa fra Asker med i MGP». www.budstikka.no (på norsk). 25. januar 2019. Henta 25. januar 2019.
- ↑ 2,0 2,1 Hyttebakk, Jon Marius (25. januar 2019). «Her er artistene i MGP 2019». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2019.
- ↑ «Anna-Lisa Kumoji». Seljord Folkehøgskule (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 26. januar 2019. Henta 25. januar 2019.
- ↑ 4,0 4,1 «annalisakumoji | CV». Artist | Norge | Anna-Lisa Kumoji (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. januar 2019. Henta 25. januar 2019.
- ↑ «- Jeg er halvt nordlending, så jeg har jo litt faenskap i meg allerede der!». KK.no. 25. januar 2019. Henta 25. januar 2019.
- ↑ «Melodi Grand Prix-sirkuset over for Anna-Lisa». www.budstikka.no (på norsk). 2. mars 2019. Henta 3. mars 2019.
- ↑ «Her er artistene i Melodi Grand Prix 2022». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 12. februar 2022.
- ↑ Khorami, Aida (19. februar 2022). «Subwoolfer er Norges bidrag til Eurovision». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Anna-Lisa Kumoji» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2022.