Alkalimetall

grunnstoffgruppe
(Omdirigert frå Gruppe 1)

Alkalimetalla er metalla som ligg i gruppe 1 i periodesystemet: litium, natrium, kalium, rubidium, cesium og francium. Ved oppvarming i ein flamme vil kvart av metalla gi flammen ein karakteristisk farge.

Periodesystemet med gruppa for alkalimetall markert.

Alkalimetalla har berre eitt elektron i ytste elektronskal. Alkalimetalla er svært reaktive og dei reagerer blant anna kraftig med vatn. Reaksjon mellom alkalimetall og vatn gir ei basisk vassløysning. Dei fleste salt av alkalimetall er vassløyselege.

Alkali er opphavleg eit arabisk ord for basisk. Alkalimetalla er sterke Lewis-basar, det vil seie at dei lett avgir elektron.

Kjelder

endre