Eleonore Bjartveit
Eleonore Bjartveit (11. juli 1924–26. september 2002), fødd i Alta, var ein norsk lege og politikar frå Kristeleg Folkeparti.
Eleonore Bjartveit | |||
Fødd | 11. juli 1924 Alta | ||
---|---|---|---|
Død | 26. september 2002 (78 år) (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, lege | ||
Ektefelle | Kjell Bjartveit | ||
Alle verv |
|
Ho blei vald inn Stortinget frå Oslo i stortingsperioden 1989–1993. Som første vararepresentant i periodane 1981–1985 og 1985–1989 møtte ho fast i den tida (1983-86) Kåre Kristiansen var medlem av regjeringa. Bjartveit var visepresident i Odelstinget 9. oktober 1985- 9. mai 1986.
Eleonore Bjartveit var kulturminister i perioden oktober 1989 til november 1990 i Regjeringa Syse.
Ho blei utdanna lege i 1951, og fekk seinare godkjenning som spesialist i attføringsmedisin og geriatri. Lengst tid arbeidde ho ved Oslo Helseråd, sosialmedisinsk avdeling (1962-1967) og som medisinsk kunnig medlem av Trygderetten (1967-1983). Ho var gift med legen Kjell Bjartveit.
Regjering
endre- 16. oktober 1989–1. januar 1990 - Statsråd i Kultur- og vitskapsdepartementet
- 1. januar 1990–3. november 1990 - Statsråd i Kultur- og kyrkjedepartementet
Stortingets presidentskap
endre- 9. oktober 1985–9. mai 1986 - Visepresident i Odelstinget
- 10. oktober 1989–16. oktober 1989 - Visesekretær i Lagtinget
Stortingskomitéar
endre- 1981–1985 - medlem i Sosialkomitéen
- 1985–1989 - varamedlem i Kontrollkomitéen
- 1985–1989 - medlem i Justiskomitéen
- 1985–1989 - varamedlem i Den utvida utenriks- og konstitusjonskomitéen
- 1989–1993 - varamedlem i Valkomitéen
- 1989–1993 - medlem i Forbrukar- og administrasjonskomitéen