Ölfusá er ei elv på Island, søraust for Reykjavík. Ho er Islands mest vassrike elv med middelvassføring på 423 kubikkmeter per sekund.
Elva blir danna ved samløpet av Sog, som kjem frå Þingvallavatn, og breelva Hvítá. Nedanfor Selfoss dannar Ölfusá stryka Selfosskirkja før ho fell ut i ein vid lagune rett innanfor utløpet. Ölfusá er ei rik lakseelv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.