Taiwanhøne er ein liten hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Taiwan.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Arborophila crudigularis
- Beskriven av
- (Swinhoe, 1864)
Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang, hannfuglar veg rundt 310 gram og hofuglane rundt 210 gram.
Arten er knytt til temperert skog. Taiwanhøne lever i hovudsak av frø, plantedelar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt sju egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.