Versj. 26
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 17. august 2021. Artikkelen endret 56 tegn fra forrige versjon.

Kari Bremnes er ein norsk songar, komponist og tekstforfattar som lagar musikk i grenselandet mellom pop, visesong og kabaret. Ho er særleg kjend for å vere ein stor formidlar av songtekstar og for å ha ein særmerkt scenepersonlegdom. Ho har òg eit stadig veksande publikum i utlandet.

Kari Bremnes er fødd i Svolvær. Som 19-åring flytta ho til Oslo. Ho har cand.mag.-grad frå Universitetet i Oslo, med faga nordisk, historie og teatervitskap. Ved sida av studia arbeidde Bremnes som journalist i Nationen og i Aftenposten.

Bremnes platedebuterte saman med broren Ola Bremnes då ho spela inn plata Folk i husan, som kom ut i 1980. I 1981 og 1982 var ho vokalist i visegruppa Stiftelsen, som mellom anna var med i Melodi Grand Prix i 1982 med låten «Romantikk». 1987 var Bremnes sitt gjennombrotsår som plateartist, då plata Mitt ville hjerte, med tekstar av Tove Ditlevsen, kom ut. Plata fekk Spellemannsprisen i kategorien visesong. I musikken sin har ho etter kvart bringa inn element frå jazz, rock og verdsmusikk.

Sidan har Bremnes vore ein produktiv låtskrivar og plateartist både som soloartist (15 album sidan 1987) og i samarbeid med andre. Som døme på det siste kan vi nemne plata Soløye frå 2000, som ho gav ut saman med søskena Ola Bremnes og Lars Bremnes. Soløye fekk Spellemannsprisen i kategorien viser og viserock.

Bremnes har tolka tekstar som andre har skrive, til dømes Tove Ditlevsen, Edvard Munch (på plata Løsrivelse), Olav H. Hauge, Ole H. Bremnes og Ola Bremnes, og ho har nytta melodiar av komponistar som Ketil Bjørnstad, Petter Henriksen og Ola Bremnes. I 1993 var Bremnes med på plateprosjektet Hadde månen en søster – Cohen på norsk, der ho mellom anna tolka Cohens «Everybody knows» med norsk tittel: «Alle veit jo det».

Men i aukande grad har ho stått for både tekst og melodi sjølv på plateutgivingane sine. Av plater på 2000-talet kan Over en by (2005), Ly (2009) og Og så kom resten av livet (2012) nemnast. Det me har (2017) kom ut på plateselskapet hennar Månestein. Bremnes' største suksess på Norsktoppen er Bergmannen (2001).

Bremnes skriv og syng hovudsakeleg på dialekt, men har òg gitt ut engelskspråklege utgåver av nokre av songane sine (Norwegian Mood, 2000). Plata 11 ubesvarte anrop kom i engelsk versjon i 2003 (You’d have to be here). På denne måten har Bremnes nådd eit internasjonalt publikum. Kari Bremnes har halde ei rekkje konsertar i fleire europeiske land og har gitt ut ein del av songane sine i engelsk versjon på albuma Norwegian Mood (2000) og You'd Have To Be Here (2003). I 1987 medverka ho i kabareten It Ain't Necessarily Gershwin.

Sceneframsyninga Når du kommer dit (2015) var eit samarbeidsprosjekt med Hålogaland Teater og Nordland Teater. Framsyninga bygde på Bremnes sine låtar. Kabaretframsyninga Svarta Bjørn (1998, også gitt ut på album) var eit bestillingsverk til Festspillene i Nord-Noreg. Dokumentaren Mitt hjarte vart lansert på DVD i 2016. I 2017 debuterte ho som filmskodespelar i den politiske thrilleren Kings bay, der ho spela hovudrolla som den gravande journalisten Harrieth Hansen.

Søskentrioen Kari, Ola og Lars Bremnes har gitt ut albuma Ord frå ein fjord (1992) og Soløye (2000, Spellemannprisen). Frå førstnemnde fekk dei ein slager på Norsktoppen med «Grågåsa». Også Lars Bremnes (fødd 1964) gir ut soloplater. Ola sin son, Inge Bremnes (fødd 1991), albumdebuterte i 2017.

Bremnes vart innlemma i Rockheim Hall of Fame i 2018. Ho fekk Gammleng-prisen i 1990, og i 1995 fekk ho NOPAs prisar for beste tekst og melodi for «Gåte ved gåte», frå plata med same namn. Ho fekk Nordland fylkes kulturpris i 1997 saman med brørne sine, Lars og Ola, TONOs formidlarpris, Edvard-prisen, for beste tekst til musikk i 2010 og Vidar Sandbecks kulturpris i 2016.