Xijiang
Utsjånad
Xijiang | |||
西江, Xī Jiāng | |||
elv | |||
Land | Kina | ||
---|---|---|---|
Xijiang 23°28′09″N 111°18′44″E / 23.4692299°N 111.3122749°E | |||
Wikimedia Commons: Xi River |
Xijiang er den vestlege tilførsleelva til Perlefloda i provinsen Guangdong i det sørlege Kina. Xijiang er 1 930 km lang og seglbar over lange strekningar. Ho er den lengste av bielvane til Perlefloda, og hennar lengde vert rekna inn i Perleflodas totale lengde på 2 193 km.
Langs Xijiang ligg mellom anna byane Wuzhou i provinsen Guangxi, og Zhaoqing, Gaoyao og Jiangmen i provinsen Guangdong. Xijiang har fleire bielvar, som Yu, Qian, Gui og Lijiang.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Xijiang» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2011.