Wirral-halvøya
Utsjånad
(Omdirigert frå Wirralhalvøya)
Wirral er ei halvøy i Nordvest-England. Ho grensar til elvane Dee i vest og Mersey i aust. Den nordlege delen høyrer til distriktet Wirral i Merseyside medan den sørlege høyrer til Ellesmere Port and Neston i Cheshire. Heile området var tidlegare ein hundred i Cheshire.
Norske vikingar, blant anna ei gruppe som vart utvist seint på 800-talet frå Dublin av landsmennene sine som hadde etablert seg der, har sett spora sine på Wirral. Endel stadnamn ber vitnemål om det.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wirralhalvøya» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.