Vitskap i 1839
Utsjånad
Vitskapsår |
1837 | 1838 | 1839 | 1840 |1841 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1839 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1839.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 9. januar - Det franske vitskapsakademiet presenterte daguerreotypiet, ei tidleg form for fotografi.
- Theodor Schwann meinte at alt levande er bygd opp av celler.
- Carl Gustaf Mosander oppdaga grunnstoffet lantan.
- James Clark Ross byrja ein ekspedisjon til Antarktis.
- Roderick Murchison gav namn til den geologiske tidsperioden Silur.
- Kirkpatrick Macmillan fann opp velosipeden.
- William Grove fann opp brenselscella.
- Charles Goodyear fann opp vulkaniseringsprosessen.
- Isaac Babbitt utvikla legeringa babbitt.
- Det britiske mønstervernsregistret (Designs Registry) vart grunnlagd. Det vart i 1876 overført til patentverket.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Copleymedaljen: Robert Brown, britisk botanikar
- Wollastonmedaljen: Christian Gottfried Ehrenberg, tysk naturforskar
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 11. februar - Josiah Willard Gibbs, amerikansk teoretisk fysikar, kjemikar (død 1903).
- 12. april - Nikolai Przjevalskij, russisk geograf og forskingsreisande (død 1888).
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 8. april - Pierre Prévost, sveitsisk fysikar (fødd 1751).
- 27. juni - Allan Cunningham, britisk botanikar og forskingsreisande (fødd 1791).
- 28. august - William Smith, britisk geolog (fødd 1769).
- 29. september - Friedrich Mohs, tysk mineralog (fødd 1773).
- 15. november - William Murdoch, skotsk oppfinnar og tekniker (fødd 1754).