Studenteksamen
Utsjånad
Studenteksamen er ein eksamen ein tek ved slutten av ei vidaregåande utdanning og som gjev ein løyve til å studera ved universitet. Opphavleg tok ein slike eksamenar ved universitetet ein ønskte å studera ved, sidan blei han gjerne flytta til den vidaregåande utdanningsinstitusjonen ein gjekk ut frå, som gymnas.
Examen artium var ein slik eksamen i Noreg. Han er blitt erstatta av generell studiekompetanse. I Sverige hadde ein studentexamen, eller tidlegare mogenhetsexamen, fram til 1968.
Bestått studenteksamen eller liknande er knytt til markeringar av ulike slag, som russefeiring og bruk av studentlue.
Namn i ulike land og utdanningssystem
[endre | endre wikiteksten]- Studentexamen (finskylioppilastutkinto), «studenten» (Finland)
- Studentereksamen (Danmark)
- Abitur, «Abi» (Tyskland)
- Baccalauréat, «le bac» (Frankrike)
- A-level, Advanced Level (Storbritannia utanom Skottland)
- Final exam (International Baccalaureate)
- Advanced Higher Grade (Skottland)
- Leaving Certificate (Irland)
- High school graduation (USA)
- Matura (i Albania, Sør-Tyrol i Italia, Liechtenstein, Polen, tyskspråkiga Sveits, Austerrike, Kroatia og fleire andre europeiske land)
- La Maturità (Italia, italienskspråklege Sveits)
- La Maturité, «La Matu» (franskspråklege Sveits)
- Maturita (Tsjekkia)
- (Centraal Schriftelijk) Eindexamen Nederland
- Érettsegi (Ungarn)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Studentexamen» frå Wikipedia på svensk, den 10. mai 2022.