Hopp til innhald

Stout

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britisk stout ved frukostbordet

Stout er eit nesten svart, overgjæra øl med opphav i dei britiske øyane. Det blir laga av brunne malt eller bygg og er opphavleg ein type porter.[1]

Namnet stout tyder 'sterk', og viste opphavleg til fleire øltypar med høgt alkoholinnhald. Seinare blei ordet berre brukt om eit mørkt, nokså bitter og kremete porterøl. Ølbryggaren Guinness er særleg kjend for sin stout.[2]

Ved slutten av 1800-talet blei stout tillagt eigenskapen som ein helse- og styrkebringande drikk[3] som blei drukken av idrettsutøvarar, ammande kvinner og tidlegare sjuke.

Nokre stouttypar

[endre | endre wikiteksten]
  1. LaFrance, Peter (2012). «Stout» (på engelsk). Oxford University Press. 
  2. Ayto, John (2013). «stout» (på engelsk). Oxford University Press. 
  3. Thompson, Brian ThompsonBrian (21. februar 2013). «oatmeal stout» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-536713-3. 
Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.