Hopp til innhald

Skunkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skunkar
Utbreiing
Utbreiinga av skunkar
Utbreiinga av skunkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Infraorden: Arctoidea
Overfamilie: Musteloidea
Familie: Skunkar Mephitidae
Bonaparte, 1845

Skunkar, òg kalla stinkdyr (Mephitidae) er ein biologisk familie av rovpattedyr. Artane i denne gruppa lever hovudsakleg på det amerikanske kontinentet; genetiske undersøkingar har også stadfesta at dei søraustasiatiske stinkgrevlingane tilhøyrer denne gruppa. Dei totalt 15 artane er kategoriserte i fire slekter. Skunkane er kjende for si evne til å spraye ei væske med ein sterk, ubehageleg lukt frå analkjertlane.

Skunkar oppnår ei kroppslengd på rundt 12 til maksimalt omtrent 51 centimeter, i tillegg kjem halen på 7 til 41 centimeter. Kroppsvekta er mellom 0,2 og 4,5 kilogram. Dette er derfor små til mellomstore rovdyr, og kroppslengda hos dei større artane svarer omtrent til storleiken på ein liten huskatt, medan dei mindre artane er på storleik med eit ekorn. Det er stor overlapp i kroppsstorleik mellom dei ulike artane. Generelt sett er dei tre nordlegaste artane av tryneskunkar (Conepatus) dei største representantane, med ei kroppslengd på opptil 50 centimeter. Dei asiatiske stinkgrevlingane er også i denne storleiksordenen, men dei har mykje kortare halar. Stripeskunk (Mephitis mephitis) er opptil 40 centimeter lang, og saman med den veldig lange halen er han mykje lengre enn stinkgrevlingane. Hetteskunk (Mephitis macroura), humboldttryneskunk (Conepatus humboldtii) og artane av flekkskunkar (Spilogale) blir opptil 30 centimeter lange, medan den minste arten, flekka dvergskunk (Spilogale pygmaea) i Mexico, har ei kroppslengd på maksimalt 21 centimeter.

Alle skunkar er prega av det kontrastfylte pelsmønsteret sitt. Grunnfarga er svart eller mørkebrunt, og ansiktet, kroppen og halen er dekt med kvite striper eller flekker. Kroppen er langstrekt og ganske slank, og beina er relativt korte. Spesielt framføtene er utstyrte med lange, bua klør som er godt eigna til graving. Halen er buskete hos alle dei amerikanske artane, men svært kort hos stinkgrevlingane. Snuten er langstrekt hos dei fleste artane, og auge og øyre er relativt små.

Utbreiing og leveområde

[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet til dei nolevande skunkane er, med unntak av dei to artane av stinkgrevlingar, på det amerikanske kontinentet, der dei finst frå det sørlege Canada gjennom Nord- og Mellom-Amerika til sørspissen av Sør-Amerika, fordelt på tre slekter. Stinkgrevlingane lever i Søraust-Asia på øyane Sumatra, Borneo, Java og dei sørlege Filippinane slik som Palawan og nærliggjande øyar.

Leveområda er for det meste opne habitat som stepper, halvørkenar og busklandskap, og dei unngår tett vegetasjon og våtmarksområde.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Skunkar