Prokletije
Utsjånad
Prokletije | |||
fjellkjede | |||
Land | Serbia, Montenegro Albania, Kosovo | ||
---|---|---|---|
Prokletije 42°26′30″N 19°48′45″E / 42.441666666667°N 19.8125°E | |||
Wikimedia Commons: Accursed Mountains |
Prokletije (albansk Bjeshkët e Nemuna) er ei fjellrekkje i Dei dinariske alpane og ligg i grenseområdet mellom Nord-Albania, Vest-Kosovo og Aust-Montenegro, og er prega av karstlandskap og isbrear. Det høgaste fjellet i Bjeshkët e Nemuna er Maja e Jezercës (Jezercafjellet), som reiser seg opp til 2 694 m. Fjellet har bratte veggar og tindar som gjev det ein alpin utsjånad, som ein ikkje finn andre stader på Balkan. Den nest høgaste toppen i Bjeshkët e Nemuna (Prokletije) er Đeravica (2 656 m), som òg er det høgaste fjellet i Kosovo. Sentrale delar av desse fjella vert òg kalla Malësia e Madhe på albansk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jovan Cvijić 1913: Die Eiszeit im Prokletije und den umliegenden Gebirgen.- Glas SKAN, XCI, Beograd. (serb.: Cvijić, J. 1921: Ledeno doba u Prokletijama i okolnim planinama.- Glasnik srpske Kraljevske Akad. XCL, 1913, XCIII.)