Paradise Oskar
Utsjånad
Paradise Oskar | |||
| |||
Fødd | 23. oktober 1990 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kyrkslätt i Finland | ||
Fødenamn | Axel Ehnström | ||
Alias | Paradise Oskar | ||
Opphav | Finland | ||
Aktiv | 2011 – i dag | ||
Verka som | Songar, låtskrivar |
Axel Ehnström, kjend som Paradise Oskar (fødd 23. oktober 1990 i Kyrkslätt) er ein finsk songar, låtskrivar og vinnar av Euroviisut 2011. Namnet Paradise Oskar har han teke frå ein figur i Astrid Lindgren-boka Rasmus på loffen.
Paradise Oskar representerte Finland i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf med songen «Da Da Dam». Songen handlar om ein gut som freistar å redda planeten ved å syngja, og er skriven av Paradise Oskar sjølv. Trass i 12 poeng frå Noreg enda Paradise Oskar på 21. plass i finalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Svensk Wikipedia om Paradise Oskar, henta inn 11. juli 2011.