Not Now John
Not Now John Singel av Pink Floyd frå albumet The Final Cut | ||
B-side |
«The Hero's Return (Parts 1 and 2)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1983 | |
Innspelt | juli–desember 1982 | |
Sjanger | Hardrock Progressiv rock | |
Lengd | 5:02 (album) / 4:12 (singel) | |
Selskap | Harvest Records (UK) Capitol Records (US) | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
Produsent | Roger Waters, James Guthrie og Michael Kamen | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«When the Tigers Broke Free» (1982) |
Not Now John | «Learning to Fly» (1987)
|
«Not Now John» er ein song av Pink Floyd frå 1983 og albumet The Final Cut.[1][2] Songen er den einaste songen på albumet sungen av David Gilmour, i tillegg til Roger Waters, som syng resten av songane. Songen vart korta ned og gjeven ut på singel, der ordet «fuck» vart sensurert. Dette var den einaste singelen frå albumet.
Tyding
[endre | endre wikiteksten]Teksten, skriven av Roger Waters, omhandlar krig (særleg Falklandskrigen) og kritikk av statsminister Margaret Thatcher, i tillegg til generell kritikk av grådigheit og korrupsjon, som Waters meinte var ein fare for samfunnet. Han syner òg det bestikkelege og ufruktbare arbeidet i Amerika, Europa og Japan i etterkrigstida. Teksten fortel hovudsakleg om endringar i global handel og at ein ny leiar dukkar opp i forbruksvareindustrien, Japan.
«John» i tittelen referer ikkje til ein spesifikk person, men vert meir nytta på same vis som «mate» eller «pal».
Video
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen for songen syner eit japansk barn som går gjennom ein fabrikk på leit etter ein soldat. Barnet vert møtt av fabrikkarbeidarar som speler kort og geishajenter før han fell død om frå eit stillas og vert funnen av ein krigsveteran frå andre verdskrigen (spelt av Alex McAvoy, som òg spelte læraren i Pink Floyd The Wall).
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]I motsetnad til dei andre songane på The Final Cut er «Not Now John» ein livleg song med eit drivande tempo. Gilmour og Waters deler vokalen, på liknande vis som på «Comfortably Numb» på The Wall og dei representerer forskjellige «roller» eller synspunkt - Gilmour er den sjølvtente uvitande lekmannen, medan Waters er den intellektuelle, ansvarlege observatøren av ulukkene i verda.[3] Water syng derimot versa knytt til rolla til Gilmour mot slutten av songen.
Singel
[endre | endre wikiteksten]«Not Now John» vart gjeven ut på singel den 3. mai 1983. Setninga «fuck all that», som vert gjenteken fleire gonger gjennom songen, vart byta ut med «stuff all that».
«The Hero's Return» vart gjeven ut som B-side og inneheldt eit ekstra vers som ikkje er på albumversjonen. Ein 12"-utgåve vart òg gjeven ut i Storbritannia, med dei to spora frå singelen på side ein og albumversjonen av «Not Now John» på side 2. Singelen nådde 30. plass i Storbritannia og 7. plass den amerikanske Top Tracks rocklista.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Pink Floyd
- Roger Waters – vokal, bassgitar, 12-strengsgitar, lydbandeffektar, synthesizer
- David Gilmour – vokal, elektrisk gitar
- Nick Mason – trommer
- Andre medverkande
- Andy Bown – Hammondorgel
- Doreen Chanter – korvokal
- Irene Chanter – korvokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Not Now John» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 978-1-84195-551-3.
- ↑ Mabbett, Andy (2010). Pink Floyd - The Music and the Mystery. London: Omnibus. ISBN 9781849383707.
- ↑ Not Now John, Pink Floyd, Allmusic.