Navahofolk
- For språket, sjå navajo.
Navahofolk eller navahoar er ei stamme av eit urfolk i USA. Navahoane held til i grenseområdet mellom dei amerikanske statane Arizona, Utah og New Mexico. Ein stor del av navahoane bur på Navajo-reservatet i dette området. Reservatet dekker omtrent 70 000 km². Navahostamma er den største urfolknasjonen i Nord-Amerika og tel meir enn 300 000 medlemmar.[1][2][3]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Ordet «navaho» kjem frå hopi-språket, og tyder «tjuv». Hopiane var dominerande i sørvestområdet før navahoane kom hit, og gav nykomarane dette namnet. Når det vert stava navajo, kjem det av spansk ortografi - J-en skal uttalast som ein litt raspande h.
På sitt eige språk navaho kallar folkegruppa seg «diné», som tyder «folket». I dag ynskjer mange navahoar å kallast diné.[4]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Navaho-reservatet er i nordausthjørnet av Arizona, men strekkjer seg òg inn i Utah og New Mexico. Innanfor reservatområdet finn ein hopi-reservatet, Canyon dei Chelly og Monument Valley.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Donovan, Bill. Census: Navajo enrollment tops 300,000. Navajo Times 7 July 2011 (retrieved 8 July 2011)
- ↑ "Arizona's Native American Tribes: Navajo Nation." University of Arizona, Tucson Economic Development Research Program. Retrieved 19 Jan 2011.
- ↑ Demographic Analysis of the Navajo Nation (PDF)
- ↑ http://www.navajo-nsn.gov/
- Denne artikkelen bygger på «Navahoer» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2017.