Meslingar
Meslingar | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
ICD-9-kode: | 055 | ||
ICD-10-kode: | B05 | ||
ICPC-2: | A71 | ||
MeSH | D008457 |
Meslingar (Morbilli) er ein barnesjukdom med utslett. Han kjem av meslingevirus, og er den alvorlegaste barnesjukdommen.[1] Som med andre barnesjukdommar, kan òg vaksne blir smitta og bli sjuke. Det blei innført vaksine mot meslingar i Noreg i 1969. Denne blei kombinert med vaksinar mot raude hundar og kusma i 1983 (MMR-vaksinen).[1]
Det blir vaksinert mot sjukdommen i barnevaksinasjonsprogram fordi meslingar kan gi alvorlege komplikasjonar som lungebetennelse, bronkitt, mellomøyrebetennelse, hjernebetennelse, varige skadar som blinde, og død. Verdshelseorganisasjonen (WHO) rekna i 2000 med at det var 30–40 millionar tilfelle av meslingar, der 545 000 tilfelle førte til dødsfall. Ved hjelp av betre vaksinasjonsprogram var dette redusert til 110 000 dødsfall i 2017.[2]
Førekomst
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste barn blir vaksinerte, men viruset er særs smittsamt, med eit reproduksjonstal mellom 12 og 18,[3] og dekningsgrada av vaksine varierer geografisk. Sjukdommen opptrer derfor i dag oftast som sporadiske tilfelle med mindre lokale utbrot i enkelte delar av befolkninga som av ein eller annan grunn ikkje er vaksinert. I Noreg kan det førekoma at barn av innvandrarar ikkje er blitt vaksinerte i heimlandet. Visse miljø med skepsis mot vaksinar kan òg ha uvaksinerte barn. Pasienten er mest smittsam 4–6 dagar før og etter utslettet bryt ut. Det er større risiko for å få meslingar ved reising.
I oktober 2019 melde helsedepartementet på Samoa frå om eit utbrot av meslingar. 22. januar 2020 var det påvist 5.707 tilfelle på Samoa og 83 dødsfall forårsaka av meslingar, 87 % av dødsfalla ramma barn under 5 år.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Meslingeviruset kan ha eksistert så langt tilbake som for om lag 2 500 år sidan.[5] Det eldste kliniske vitnesbyrdet av meslingar blir antatt å ha vore skrive av ein persisk lege for omtrent 1 000 år sidan.[5]
I vestlege moderne land finst meslingar i dag berre i lita grad, som følgje av god vaksinasjonsdekning. På 800-talet utgav ein persisk lege ein av dei første skriftlege beretningane om sjukdommen. Den skotske legen Francis Home påviste i 1757 at meslingar blir forårsaka av eit smittestoff i blodet til pasienten. Då ein meslingepidemi braut ut i Edinburgh i 1758, freista Home å finna ein vaksine.[6] I 1912 blei amerikanske helseføretak pålagt å innrapportera alle tilfelle av meslingar. Det første tiåret 1912-22 blei det rapportert gjennomsnittleg 6.000 dødsfall av meslingar årleg.[7]
Meslingar er framleis ei vesentleg årsak til barnedøying i verda, og står for 5 % av alle dødsfall blant barn under fem år. Dette skjer sjølv om meslingevaksine har vore tilgjengeleg i over 40 år.
Ifølgje WHO var det per 1999/2000 ei global dekningsgrad for meslingevaksinasjon hos småbarn på ca. 80 %. Afrika hadde den lågaste dekningsgrada på ca. 55 %, medan Europa hadde den høgaste på 92 %.
WHO meiner at vaksinasjon hindrar 80 millionar meslingetilfelle og 4,5 millionar dødsfall årleg. Medan WHO-regioner som Afrika og Søraust-Asia framleis har høg førekomst av meslingar og har som målsetjing å redusera døyinga, er andre WHO-regioner i ein så gunstig situasjon at dei kan ha som målsetjing å utrydda meslingar i områda sine i løpet av 10 år. For europaregionen var målet å utrydda meslingar innan 2007. På grunn av denne globale situasjonen og den utstrekte reiseaktiviteten i verda, må det reknast med at personar med meslingar jamleg kjem til Europa. Det er ikkje berre i fjerne land at det finst risiko for meslingesmitte, men også i europeiske land som til dømes Tyskland. Så lenge der er ei tilstrekkeleg høg vaksinasjonsdekning, vil ikkje slik import av enkelttilfelle kunna føra til nokon større epidemi.
Ein frykta komplikasjon til meslingar er hjernebetennelse. Dette rammar rammar mellom 1 av 1.000 og 1 av 5.000, og ein tredel av desse får varige mén i form av hjerneskade. Eit anna problem er sekundærinfeksjonar. Desse rammar så mange som 10 % av dei som blir sjuke. Øyrebetennelse, lungebetennelse, diaré, hjernebetennelse (encefalitt), blinde og død er òg frykta komplikasjonar. Dødsfall som følgje av meslingar kjem av lunge- eller hjernebetennelsar. Risikoen for alvorlege komplikasjonar og død er størst hjå spedbarn og ungdom som pådrar seg sjukdommen.
Kampen mot meslingar har derfor i fleire tiår vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet i moderne vestlege land. Dei fleste dødsfall og alvorlege komplikasjonar av meslingar hender derfor i dag i fattige og underutvikla land. For å retta på dette starta WHO i 1999 eit 4-årig vaksinasjonsprogram som tok sikte på å auka immuniteten mot meslingar i eit utval av fattige og underutvikla land. Målet var å halvera tal meslingedødsfall. Når talet på meslingedødsfall blir redusert veit ein at ein òg får ei sterk redusering i andre alvorlege komplikasjonar.
For å redusera talet på meslingedødsfall starta WHO ein intensiv vaksinasjonskampanje. I perioden 1999–2004 blei millionar av nye barn vaksinerte mot meslingar. På slutten av denne perioden, i 2005, var resultata synlege. Meslingedødsfall i verda blei reduserte med nærare 40 %. Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) og SN sitt barnefond (UNICEF) var planen om å halvera tal dødsfall som følgje av meslingar innan slutten av 2005, i rute. Dødstala blei reduserte frå drygt 870 000 døde i 1999 til 530 000 i 2003.
Historikk i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Den høge døydelegheiten til meslingar går fram av Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge 1860, udgiven af Departementet for det Indre. Her står det i kapittelet frå Stavanger amt: «Mæslinger optraadte pludselig i Stavanger i sidste Halvdel af November Maaned, og udbredte sig i December med meget Hurtighed. Dog holdt Sygdommen sig først i flere Uger i Byens vestlige Forstæder; i Huse, hvor den var udbrudt, smittede den hurtig alle dem, som ikke før havde gjennemgaaet den; Feberen var meget heftig, og Udbrudet skedde gjerne under en tydelig Ophovnen af hele Legemet. Betændelser i Luftveiene ledsagede den stadig, og hos Flere udviklede der sig meget hurtig Strubehoste; i saadanne Tilfælde havde Udslaget gjerne 'en eiendommelig blaalig Farve' (Lassen). Af 5 Læger anmeldtes til sammen 94 behandlede Tilfælde, hvoraf 25 endte dødlig.»[8]
Symptom
[endre | endre wikiteksten]Sjukdommen byrjar 7–14 dagar etter smitte med forkjølelsesymptom, augebetennelse (konjunktivitt), lysskyheit, hoste og feber. Pasienten får kvite små flekkar/utslett på kinnslimhinna, kalla koplikske flekker, omgitt av raud kinnslimhinne.
Utslett i slimhinner blir òg kalla enantem. Etter 3–4 dagar kan det verka som som sjukdommen gir seg. Pasienten kan kjenna seg litt betre etter 1–2 dagar. Deretter stig feberen igjen til ein febertopp og utslettet byrjtar. Hudforandringane består av flekker med raudne som delvis flyt saman, men flekkane er ikkje heva frå underlaget. Det startar bak øyra eller i ansiktet og brer seg til hals, kropp, armar og bein. Utslettet er først lyseraudt og småflekka, men flekkane veks og flyt til slutt saman i større område. Etterr endå 2–5 dagar blir pasienten betre. Utslettet og feberen avtar.
Undersøkingar
[endre | endre wikiteksten]Utslettet er typisk og sjukehistoria klassisk. Ein endeleg diagnose blir stilt ved såkalla antistoffblodprøvar, helst i serumpar, slik at ein kan påvisa auke av antistoffnivået. I land der dei fleste er vaksinerte blir det alltid tatt blodprøvar ved mistanke om meslingar. Dette blir gjort som ein del av vaksineovervakinga. Sidan sjukdommen er sjeldan, vil diagnosen bli sikrare med blodprøvar. Dette er unødvendig i land der sjukdommen er vanleg.
Det finst EIA-metodar for påvising av antistoffa IgG og IgM mot meslingvirus. Det finst òg PCR-metoder for påvising av sjølve meslingviruset. For å fanga opp viruset eller antistoffa viser det seg at ein i tillegg til å ta antistoffblodprøvar (serum/serumpar) òg kan ta prøvar frå munnsekret til den som kan vera sjuk.
Antistoffundersøkingar av munnsekret som nemnt over kan òg nyttast for enklare påvising av raude hundar og kusma.
Tiltak
[endre | endre wikiteksten]Det finst inga behandling mot sjukdommen utover å behandla eventuelle sekundærinfeksjonar.
Meslingevaksine forhindrar effektivt sjukdommen. Dersom det dukkar opp eit enkelt tilfelle av sikre meslingar, kan uvaksinerte i omgivnaden oppnå eit visst vern ved at det blir gjeve vaksine før det er gått 72 timar frå mogleg smitte. Gammaglobulin kan òg gi eit visst vern før det er gått 5–6 dagar etter mogleg smitte.
Etterverknader
[endre | endre wikiteksten]Meslingar er som regel ein ufarlig sjukdom, men komplikasjonar er ikkje heilt uvanleg og kan vera alvorlege. Dei vanlegaste komplikasjonane er lungebetennelse, bronkitt og mellomøyrebetennelse. Det førekjem òg hjernebetennelsar med varige hjerneskadar.
Ein av fem tusen med meslingar får alvorlege komplikasjonar, og opp til halvparten av desse får varige skadar. Dette er eigentleg høge tal. Om alle barn fekk meslingar, ville skadane i samfunnet vore betydelege.
Nokre få barn får ein komplikasjon kalla postinfeksiøs meslingeencefalitt. Dette er ein autoimmun sjukdom der immunforsvaret forvekslar hjernevev og virus, og angrip seg sjølv.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Meslingvaksinasjon Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine.. Folkehelseinstituttet (28. november 2013)
- ↑ «Measles» (på engelsk). Verdens helseorganisasjon. Henta 22. mai 2019.
- ↑ Madsen, Eirik (18. august 2020). «effektivt reproduksjonstall». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 27. november 2021.
- ↑ https://www.thelancet.com/journals/laninf/article/PIIS1473-3099(20)30053-0/fulltext
- ↑ 5,0 5,1 «Study: Measles virus likely emerged 2,500 years ago» (på engelsk). Henta 16. juli 2020.
- ↑ https://www.rcpe.ac.uk/heritage/college-history/francis-home
- ↑ https://www.cdc.gov/measles/about/history.html
- ↑ Per Skjæveland: «Hvoraf 25 endte dødlig», Bergens Tidende, 8. april 2015
- Denne artikkelen bygger på «Meslinger» frå Wikipedia på bokmål, den 15. september 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- WHOs side om meslingar (engelsk)