Hopp til innhald

Kommunal- og distriktsdepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kommunaldepartementet)
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD)

Offisielt namnGielda- ja ođasmahttindepartemeanta, Kommunal- og distriktsdepartementet
TypeNorske departement
VirkefeltNoreg
Skipa29. oktober 1948[1]
Org.nummer972417858
StatsrådKjersti Stenseng (Ap)
HovudkontorAkersgata 59, Oslo
UndergrupperRegjeringa i Noreg
Tilsette425 (2014)[2]
JurisdiksjonNoreg
Nettsidehttps://www.regjeringen.no/no/dep/kdd
Inngangen til Kommunal- og distriktsdepartementet m.fl. i Oslo.
Foto: Alejandro Decap

Kommunal- og distriktsdepartementet (tidlegare kommunal- og moderniseringsdepartementet ) er eit norsk departement med ansvar for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvalting og gjennomføring av val.

Departementet vart oppretta av regjeringa Solberg gjennom å fusjonere Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og planavdelinga i Miljøverndepartementet. Departementet har lokale i Regjeringskvartalet, R5 og Akersgata 59.

Kommunal- og regionaldepartementet vart oppretta i Einar Gerhardsen si andre regjering 20. desember 1948 som Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den første kommunalministeren var Ulrik Olsen. Frå 1990 til 1992 vart departementet kalla Kommunaldepartementet. Arbeidsavdelinga vart i 1997 overført til det som då vart Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Politisk leiing

[endre | endre wikiteksten]

Statsråd og leiar for departementet er kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng (Arbeidarpartiet) per 4. februar 2025.

Underliggjande etatar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kommunal- og distriktsdepartementet