Koksjetau
Utsjånad
Koksjetau | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Oblast |
Kasakhstan Akmola oblast | ||
Grunnlagd | 1824 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 233,97 km² | ||
Innbyggjarar - By (1997) |
123 400 | ||
Koordinatar | 53°17′N 69°23′E / 53.283°N 69.383°E | ||
Tidssone | BTT (UTC+6) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 020000 | ||
Telefon-retningsnummer | +7 7162 | ||
Heimeside: http://www.kokshetau.kz | |||
Plassering | |||
Plasseringa i Kasakhstan |
Koksjetau (kasakhisk Көкшетау, Köksjetau) er ein by nord i Kasakhstan i Akmola oblast med om lag 125 000 innbyggjarar (1997).
Byen vart grunnlagd i 1824 og namnet tyder «himmelfarga fjell». Byen har noko lettindustri som matproduksjon. I regionen vert det produsert ein viss grad av kveite og andre avlingar. Det er gruvedrift etter gull nord for byen.
Koksjetau har ein flyplass med flyruter til Almaty og Petropavlovsk. Byen er òg knytt til jernbanenettverket i Kasakhstan og Russland.
Astana, den nye hovudstaden i Kasakhstan, ligg om lag 300 km søraust for Koksjetau. Byen er kjend for den fine naturen og og turiststadane, som t.d. Burabaj.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Reiseguide for Kokshetau frå Wikivoyage
- www.kokshetau.narod.ru
- www.akmo.kz Arkivert 2007-12-16 ved Wayback Machine.
- www.kokshetau.kz Arkivert 2017-03-06 ved Wayback Machine.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kokshetau» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2008.