Kaposvár
Kaposvár | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Sør-Transdanubia | ||
Fylke | Somogy | ||
Høgd | 82 m | ||
Areal | 11 360 km² | ||
Folketal | 58 830 (1. januar 2024) | ||
Først nemnd i | 1009 | ||
Postnummer | 7400 | ||
Retningsnummer | 82 | ||
![]() Kaposvár 46°22′00″N 17°47′00″E / 46.366666666667°N 17.783333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Kaposvár |
Kaposvár[a] er ein by i Ungarn, og hovudstad i fylket Somogy. Han ligg 186 km sørvest for Budapest ved elva Kapos.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje segna vart byen grunnlagd på sjå åsar. Området har vore busett dei siste sju tusen åra. Rundt år 400 fvt. var keltarar busett i området.
Byen vart først som Kapos i dokument frå bispedømet Pécs i 1009. Den rektangulære motteborga vart rekonstruert som ei steinborg på 1400-talet. Borga vart øydelagd i 1702 etter ordre frå Leopold I av Det tysk-romerske riket.
Osmanarane erobra byen etter ei fem dagar lang omleiring i 1555. Han vart frigjort frå det osmanske styret i 1686.
I 1749 vart Kaposvár fylkeshovudstad. På 1800-talet utvikla byen seg kraftig sidan han låg ved jernbanen mellom Budapest og Zagreb. Kaposvár vart ein viktig industriby.
I 1950 vart landsbyen Kaposszentjakab ein del av byen og i 1973 òg landsbyane Kaposfüred, Toponár og Töröcske.
I 1990 fekk Kaposvár, som ein by med meir enn 50 000 innbyggjarar, status som by med fylkesrettar. Sidan 1993 har han vore sete for ein biskop. Universitetet i Kaposvár vart grunnlagd i 2000.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kaposvár» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2007.