Hopp til innhald

Hermann Minkowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermann Minkowski

Fødd22. juni 1864
Aleksotas, Kaunas
Død12. januar 1909
Göttingen
NasjonalitetKongedømet Preussen
Områdegeometri, talteori, matematikk, fysikk, matematisk fysikk, relativitetsteorien, firedimensjonal verd
Yrkefysikar, matematikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Bonn
Universitetet i Göttingen
Eidgenössische Technische Hochschule Zürich
Universitetet i Göttingen
Universitetet i Zürich
Alma materAlbertus-Universität Königsberg
Altstadt Gymnasium
Humboldt-Universität zu Berlin
DoktorgradsrettleiarFerdinand von Lindemann
EktefelleGuste Minkowski
MedlemGöttingens vitenskapsakademi

Hermann Minkowski (22. juni 186412. januar 1909) var ein polsk-tysk matematikar og teoretisk fysikar av litauisk og jødisk avstamming.

Minkowski er mest kjend for å ha skapt og utvikla geometri av tal, og for å bruke ulike geometriske metodar for å løyse vanskelege matematiske problem innan emne som talteori, matematisk fysikk og relativitetsteorien. Verka hans Geometrie der Zahlen (1909) og Diophantische Approximationen (1907) vert rekna som klassiske på dette området. Han var professor i Bonn, Königsberg, Zürich og Göttingen.

Allereie som student ved Königsberguniversitetet i 1883 vart han tildelt den matematiske prisen av Det franske vitskapsakademiet for manuskripta hans andsynes teorien om kvadratiske former, der han synte eit heilt tal som summen av fem kvadrattal. Han var òg ein god ven av den kjende tyske matematikaren David Hilbert.

Bror til Hermann, Oskar Minkowski (1858-1931), var ein kjend lege og forskar i Tyskland. Han var professor saman med den kjende greske matematikaren Constantin Carathéodory.

Han har fått asteroiden 12493 Minkowski kalla opp etter seg på grunn av prestasjonane sine innanfor fleire område av matematikk.