Hamar–Grundsetbanen
Utsjånad
(Omdirigert frå Hamar-Grundsetbanen)
Hamar–Grundsetbanen vart vedtatt av Stortinget den 3. september 1857 saman med Kongsvingerbanen og Trondhjem–Størenbanen som Noregs første statsbanar. Vedtaket i 1857 gjaldt rettnok berre strekninga Hamar-Elverum og med endestasjon på Glommas austre breidd i Elverum. Den 7. oktober 1859 vedtok Stortinget at banen istaden skulle halde fram langs vestre breidd av Glomma opp til Grundset, ca. 6 km nord for Elverum. Banen vart bygd smalspora (1067 mm sporvidde) og vart opna 23. juni 1862.[1]
Grundsetbanen er den sørlegaste delen av Rørosbanen. Alt i 1871 vart Grundset-Aamotbanen bygd. Stasjonsbygningen på Grundset vart samstundes flytta til den nye endestasjonen på Rena.[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hamar-Grundsetbanen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2013.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. ISBN 82-90286-28-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Digitalt fortalt: «Ralph King, den engelske "keiser'n på Grundsetbanen"» (skive av Bjørg Eva Aasen, Norsk Jernbanemuseum)