Gugh
Utsjånad
Gugh | |
---|---|
Sandbanken mellom Gugh og St Agnes. | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 49°53′40″N 6°19′55″W / 49.89444°N 6.33194°W |
Øygruppe | Scillyøyane
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Cornwall
|
Demografi | |
Folketal | 3 (2001)
|
Gugh (kornisk Keow, tyder «Innhegningsbankane») er ei tidvassøy i Scillyøyane i England. Det står to hus på øya og i 2001 hadde ho tre innbyggjarar. Ho er knytt til øya St Agnes ved sandbanken Gugh Bar. Denne er berre synleg ved lågvatn.
Namnet vert ofte ofte uttalt feil som ‘Goo’, ‘Guff’ eller ‘Gogh’, men det rette skal vere ‘Gju’.
Det ligg ein gravhaug eller dolmen, Kittern Hill, på Gugh. The Old Man og Gugh (Den gamle mannen på Gugh) er ein 2,7 meter høg stein eller menhir som står ved botn av Kittern Hill. Denne vart plassert her i bronsealderen. Ein annan gravhaug er Obadiah's Barrow.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gugh» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Weatherhill, Craig Cornish Placenames and language