Gruinard Island
Gruinard Island Lokalt namn Eilean Gruinneart | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 57°53′N 5°28′W / 57.89°N 5.47°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 1,96 km²
|
Høgaste punkt | An Eilid (106 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Highland
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Gruinard Island (skotsk-gælisk Eilean Ghruinneard) er ei lita øy i Skottland, om lag 2 km lang og 1 km brei. Ho ligg i Gruinard Bay, om lag halvvegs mellom Gairloch og Ullapool i Indre Hebridane.[1] Det vart utført eksperiment her med miltbrannbakteriar, og ho var derfor lenge farleg for alle pattedyr, før ho vart reinsa seint på 1900-talet.
I 1942 under den andre verdskrigen var Gruinard ein teststad for biologisk krigføring.[2] Det vart nytta miltbrann til å teste kor sårbare britane var frå tyske biologiske åtak, og om det var mogeleg å angripe tyskarane på same måten.[3] Gruinard vart vald ut som teststad fordi ho låg aude nok til at folk og fe ikkje vart skadde. Åtti sauer vart sett ut på øya og ho vart så bombardert med miltbrannsporar. Sauene fekk det i seg og døydde etter eit par dagar.[2] Enkelte av eksperiementa vart filma.
Øya vart sett i karantene og det vart strengt forbode å gå i land. I 1986 starta arbeidet med å reinse øya og heile øya vart spreia med ei 280 tonn stor formaldehydblanding blanda med sjøvatn, samt at delar av det øvste jordsmonnet vart fjerna. Ein saueflokk vart plassert ut på øya og klarte seg utan å verte sjuke.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fargefilm frå 1942 som viser dei testinga på Gruinard island Arkivert 2020-05-28 ved Wayback Machine.
- Bilete frå Gruinard
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gruinard Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ United States National Research Council (2005). Reopening Public Facilities After a Biological Attack: A Decision-Making Framework. Washington, D.C.: National Academies Press. s. 196. ISBN 978-0309096614.
- ↑ 2,0 2,1 Britain's 'Anthrax Island', BBC
- ↑ Living with anthrax island, BBC