Frida Hansdotter
Utsjånad
Frida Hansdotter | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 13. desember 1985 (38 år) Västerås |
Idrett | alpint |
Tok del i | VM i alpine greiner 2007, VM i alpine greiner 2009, VM i alpine greiner 2011, VM i alpine greiner 2013, VM i alpine greiner 2015, VM i alpine greiner 2017, VM i alpine greiner 2019, Alpin skiidrett under vinter-OL 2010, Alpine greiner under Vinter-OL 2014, Alpine greiner under Vinter-OL 2018 |
Frida Marie Hansdotter (fødd 13. desember 1985) er ein svensk alpin skirennar frå Västerås. Ho har frå 2013 til -17 vunne tre individiduelle VM-medaljar og to i lagtevling. To av medaljane er i sølv, tre i bronse. Hansdotter er spesialist i slalåm, med 24 (4-15-5) pallplasseringar i verdscupen i alpine greiner i tida 2009-17. Ho vann FIS-pokalen i slalåm 2016-sesongen, etter å ha vorte nummer to dei to føregåande sesongane. I 2016 enda ho på femteplass i FIS-verdscupen totalt.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 2007: Nr 30 i super-G under VM i Åre
- 2009: Nr 15 i slalåm under VM i Val-d’Isère
- 2010: Nr 15 i slalåm under Vinter-OL i Vancouver
- 2011: Nr 8 i slalåm under VM i Garmisch-Partenkirchen
- 2013: Sølv lagtevlinga, bronse i slalåm og nr 5 i storslalåm under VM i Schladming
- 2014: Nr 5 i slalåm og nr 13 i storslalåm under Vinter-OL i Sotsji
- 2015: Sølvmedalje i slalåm under VM i Vail/Beaver Creek
- 2017: Bronsemedaljar i slalåm og i lagtevlinga under VM i St. Moritz
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Frida Hansdotter» frå Wikipedia på tysk, den 26. februar 2017.
Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1985
- Svenske alpinistar
- Olympiske meistrar for Sverige
- Svenske deltakarar under vinter-OL 2010
- Alpinistar under vinter-OL 2010
- Svenske deltakarar under vinter-OL 2014
- Alpinistar under vinter-OL 2014
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2018
- Svenske deltakarar under vinter-OL 2018
- Alpinistar under vinter-OL 2018
- Medlemmar i Den internasjonale olympiske komitéen